Roland Nilsson () er ein tidlegare svensk fotballspelar som er fotballtrenar for det svenske U-21 landslaget (2020). På bana var han høgreback. Han fekk til saman 116 landskampar som spelar.

Klubbspel Nilsson byrja si seniorkarriere for heimklubben Helsingborg hvor han spelte i to år før han melde overgang til IFK Göteborg i 1983. Denne perioden var klubbens storhetsperiode, og klubben deltok i store turneringar, der dei mellom anna vann UEFA-cupen i 1982 og i 1987. Etter å ha spelt 120 kampar og vunne ein europacupmedalje og tre seriemeisterskap melde han i desember overgang til engelske Sheffield Wednesday under manager Ron Atkinson, i det som skulle bli eit av tre opphold i engelsk klubbfotball.

Hans fyrste sesong med klubben endte med nedrykk frå den øvste divisjonen, men Nilsson valde å bli i klubben og vart ein favoritt blant klubbtilhengjarane med spelet sitt i åra som følgde. Mellom anna var han ein sterk bidragsytar til at klubben vann den engelsk ligacupen i 1991 og at klubben nådde både FA-cup og ligacupfinalar i 1993. I tillegg til dette at klubben spelte i europacupkampar for fyrste gong på 30 år. I januar 1994 offentliggjorde Nilsson at ville vende heim til Sverige, men vart overtalt av manageren Trevor Francis om å bli i klubben til vårsesongen var over. Etter å ha spilt over 150 kampar for Sheffield Wednesday dro han tilbake til Helsingborgs IF, der han spelte i tre sesongar utan å vinne noko anna enn andreplassar i Allsvenskan og i cupen. Han vart for øvrig årets spelar i Sverige i 1996. I 1997 dro han igjen til England, men denne gong til Coventry City under manager Ron Atkinson, som òg hadde kjøpt til Sheffield Wednesday i 1989. På tross av at han var 33 år var han likevel ikkje av dei eldste spelarane i klubben med spelarar som Steve Ogrizovic og Kevin Richardson seint i 30-åra og Gordon Strachan som var 40 år. I denne perioden sleit klubben sportsleg men fekk likevel speletid av både Atkinson og den nye manageren Strachan. I 1999 vende han tilbake til Helsingborg hvor han var i to sesongar utan å få nevneverdig speletid.

Landslagsspel Nilsson gjorde landslagsdebuten sin mot Hellas i mai 1986. Den fyrste internasjonale turneringa hans var Sommar-OL 1988 i Seoul. Han deltok òg i VM i fotball 1990 som vart arrangert i Italia. I dette meisterskapet tapte laget alle dei innleiande gruppekampane mot høvesvis Brasil, Costa Rica og Skottland. Sverige gjorde det likevel betre under europameisterskapet i fotball 1992 arrangert på heimebane, da landslaget spelte seg til ein plass i semifinalen som dei tapte mot Tyskland. Nilsson spilte for øvrig i alle kampane til Sverige i desse meisterskapane. Han spelte òg alle kampane under VM i fotball 1994 som vart arrangert i USA, då Sverige endte opp med ein bronsemedalje etter å ha vunne bronsekampen mot Bulgaria. Nilssons siste meisterskap var Europameisterskapen i fotball 2000, der han berre spelte ein halv omgang mot Belgia. Han spelte sin siste landskamp mot Slovakia den 11. oktober 2000.

I ein periode hadde han nest flest landskampar for herrelandslaget, berre slått av Thomas Ravelli.

Merittar Svensk seriemeister: 1983, 1984 og 1987 med IFK Göteborg og 1999 med Helsingborg UEFA-cup vinnar: 1987 med IFK Göteborg Engelsk ligacupvinnar: 1991 med Sheffield Wednesday Bronsemedalje: med Sverige i VM i 1994.

Kjelder eu-football

Denne artikkelen bygger på «Roland Nilsson» frå , den 4. juli 2024.

Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Svenske fotballtrenarar Kategori:Helsingborg-spelarar Kategori:IFK Göteborg-spelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar Kategori:Coventry-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000