Andrés Escobar Saldarriaga () var ein colombiansk fotballspelar frå Medellín. Han spelte for laget Atlético Nacional gjennom heile si karriere. Med unntak av eit opphald i sveitsiske Young Boys i 1989/90 sesongen. Han vart verdskjend etter at han skåra det skjebnesvangre sjølvmålet under VM i USA 1994. Det var sannsynligvis sjølvmålet som kosta han livet. Escobar vart karakterisert som ein leiartype på bana med eminent teknikk for spelet. Han spelte 50 landskampar og skåra eit mål.

Drapet Mannen som drap Escobar , Humberto Castro Muñoz, var livvakt for to brør som eigde eit stort diskotek i Medellín. Desse brørne hadde store forventingar til Colombia i meisterskapen og dei satsa store pengar på at laget skulle gjere det bra. Dei meinte at Escobar hadde skulda for alt elendet i VM. Castro hadde vore på besøk på diskoteket, og han følgde etter Escobar til bilen. Castro tok opp ein revolver då han stod attmed sida av bilen og skaut 12 skot mot Escobar. Vitne har sagt at for kvart skot Castro skaut, så skal han ha ropt «Gol!» (som er spansk og betyr 'mål'). Muñoz vart dømd til 43 år i fengsel, men kom ut etter elleve år i 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrés Escobar» frå , den 18. april 2020. National-Football-Teams

Kategori:Colombianske fotballspelarar Kategori:Young Boys-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994