mini|Sovjetisk frimerke frå 1972 Ishockey under vinter-OL 1972 vart arrangert i tida frå 3. til 12. februar 1972 i Sapporo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, Makomanai hallstadion og Tsukisamu idrettshall. Sovjetunionen tok gull, USA sølv og Tsjekkoslovakia bronse.
Turneringa 11 land deltok i turneringa: dei seks som var med Ishockey-VM 1971 og dei fem beste i B-VM i ishockey same året. Turneringa tok til med ei cuprunde, regjerande OL-meister Sovjetunionen fekk «fripass». Vinnarane av dei fem cupkampane og Sovjetunionen møttest så til seriespel. Medaljane vart fordelt etter poenghaust og innbyrdes målskilnad.
Taparane av dei innleiande cupkampane deltok i seriespel om plassane 7-11. Noreg sigra i tre av fire oppgjer og enda på åttandeplassen i turneringa.
Finalerunda mini|Olympisk bronsemedalje i ishockey frå 1972 Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng 1 5 4 1 0 33 - 13 9 2 5 3 0 2 18 -15 6 3 5 3 0 2 26 - 13 6 4 5 2 1 2 17 - 13 5 5 5 2 0 3 14 – 24 4 6 5 0 0 5 9 - 39 0
Sovjetunionen sitt meistermannskap Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Pasjkov Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Gennadij Tsygankov, Viktor Kuzkin Løparar: Anatolij Firsov, Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Vladimir Vikulov, Jevgenij Misjakov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Jevgenij Zimin, Jurij Blinov.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1972/Eishockey» frå , den 20. april 2020.
Kategori:Øvingar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockey under OL Kategori:Ishockey i 1972