Hugo Sánchez Márquez () er ein meksikansk pensjonert fotballspelar, som spelte angripar hos ein serie amerikanske og europeiske klubber, mellom anna dei spanske erkerivalane Atlético Madrid og Real Madrid. Han representerte begg med stor suksess. I 2004 blei han utvald, som den einaste meksikanaren, til FIFA 100, ei kåring av dei 125 beste nolevande fotballspelarane gjennom historia.
Sánchez vann med Real Madrid heile fem spanske seriemeisterskap i rad frå 1986 til 1990, plus ein UEFA-cup tittel i 1986. I 1989 vann han med klubben Copa del Rey, som han òg hadde sikra med Atlético Madrid i 1985. Han vart dessutan to gonger meksikansk meister med UNAM Pumas. Heile fem gonger vart Sánchez toppskårar i La Liga. I 1990 vann han gullstøvelen for den beste spelaren i Europa.
Landslagsspel Sánchez nådde under karrieren å spele heile 75 landskampar og skåra 29 mål for det meksikanske landslaget, som han representerte mellom 1977 og 1998. Han var ein del av den meksikanske troppen både til VM i 1978 i Argentina, VM i 1986 i Mexico og VM i 1994 i USA. Han var òg med om å vinne det nordamerikanske meisterskapet CONCACAF Gold Cup i 1977.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Hugo Sánchez» frå , den 21. april 2020. National-football-teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Atlético Madrid-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994