Venjamin Venjaminovitsj Aleksandrov () var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som vart olympisk meister 1964 og 1968, samt verdsmeister 1963, 1965, 1966 og 1967. I tida 1957-68 deltok han for Sovjetunionen i samtlege verdsmeisterskap og olympiske leikar, med unnatak for Ishockey-VM 1962, ein meisterskap Sovjetunionen boikotta.

Aleksandrov var vengspelar og skåra 119 mål på sine 161 landskampar. Perioden 1957-61 var han med å vinne tre sølvmedaljar og deretter to bronsemedaljar i verdsmeisterskapane og i Vinter-OL 1960. Frå 1963 til -68 la Sovjetunionen og Aleksandrov beslag på fyrsteplassen i VM- og OL-turneringane.

Aleksandr spelte for CSKA Moskva i fjorten sesongar, 1955-69. Ti av desse sesongane vann laget hans den sovjetiske ishockeyserien.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Weniamin Weniaminowitsch Alexandrow» frå , den 26. april 2020.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968