Auguste Herbin () var ein fransk målar som var leiande innan det abstrakte måleriet i fransk kunst.

Liv Herbin var fødd i Quiévy i departementet Nord i Frankrike i 1882. Han slo seg ned i Paris i 1901. Der blei han påverka av kubismen før han gjekk over til heilt abstrakt måleri. Han hadde betydeleg påverknad på den nonfigurative kunsten, bl. a. gjennom den Abstraction-Création, som han grunnlag i 1931 og leia saman med Georges Vantongerloo.

Frå 1917 arbeidde han i ein heilt abstrakt stil som skulle bli kjennemerket hans: kombinasjon av sirklar, trekantar, rektangel m. m.

Herbin fann opp eit «biletalfabet» som låg til grunn for verka hans, og som han brukte til å gje former og farger ein verbal symbolikk. Han skildra alfabetet sitt og fargetonane sine, delvis med grunnlag i Goethe si fargelære, i L'art non-figuratif, non-objectif (1949).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Auguste Herbin» frå , den 27. april 2020. oppgav desse kjeldene: Bra Böckers lexikon, 1975

Kategori:Franske kunstnarar Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet