Nederlendsk (nederlendsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk mål. Um lag 21 millionar i verda snakkar dette språket. Den avvikande formi av nederlendsk tala i Belgia vert uhøgtideleg kalla flamsk. Det nederlendske namnet fyr målet er Nederlands. På norsk vert også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre peikar til ein del av Nederland, vert det ikkje sét på sum rett.
Klassifisering og nærskylde språk Nederlendsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er i høg grad ulik i uttale. Ein sum kjenner det eine målet , kann med noko trening skyna hitt målet gott. Samanlikn til dømes:
De kleinste kameleon is maar 2 cm groot, de grootste kann wel 80 cm worden. (nederlendsk)
Das kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, die größten können auch 80 cm erreichen. (tysk)
Nokre mindre nytta ord og vendingar er nærare tysk:
Der kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, der größte kann wohl 80 cm werden. (mindre vanleg tysk)
(På norsk vert dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kann verta 80 cm».)
Men det er uttala sum gjer den største skilnaden millom tysk og nederlendsk, på same måten sum skilnaden millom tysk og sveitsartysk (og andre tyske målføre).
Typisk så upptrer dei største skilnadane millom tysk og nederlendsk i korte, men viktige bygnadar og daglege ord sum fylgjer: NederlendskTyskUmsetjing med utgreidingmaarabermenslechtsnurberremisschien eller wellicht eller mogelijk vielleichtmoglegvis - misschien er tysk - mir schien = eg trurgraag (vestflamsk: gern)/ gaarnegernegjernegereed eller bereid eller klaarfertig eller bereitferdig/budd - «bereit» svarar til ledda gereed men vanskeleg å skiljabelangrijk eller gewichtigwichtigviktig - men òg på tysk: belangreich, sum tyder det same, men så og si aldri vert nytta Um ein tyskar hev lært eitt til to hundre av desse ordi, i tillegg til nokre reglar, vil den tysktalande skyna nederlendsk skrift nokså bra. Men nederlendsk er ikkje pensum i tysk skule.
Somme plassar vert tysk og nederlendsk til og med tala um lag side um side. Folk sum kann nederlendsk kann sum oftast skyna skriftleg tysk, og tysktalande (sum kann engelsk) kann sum oftast lesa nederlendsk.
Nederlendsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (ser ein burt frå frisisk) det målet sum er nærast i slekt med engelsk.
Bakgrunnsstoff
Språknytt: Om nederlendsk og slektningane Hollandsk gloseinnlæringssystem (Norsk) Nederlendskkurs på Wikibooks Online Nederlands leren Dutch 101 Dutch for beginners and travelers (in English) Nederlendsk språks historie Nederlandse Taalunie (Den nederlendske språkunionenen) Algemene Nederlandse Spraakkunst (Nederlendsk grammatikk på nederlendsk) Online Dutch Grammar Course (Nederlendsk grammatikk på engelsk) Nederlendskkurs Nederlendskkurs, 8 kapittel Ethnologue for Nederlendsk Euromosaic - Flemish in France - Stillinga til flamsk i Frankrike
Ordbøker
All Dutch free dictionaries Online Nederlands Woordenboek Majstro Multilingual Translation Dictionary Lookwayup English-Dutch-English dictionary Freedict English-Dutch-English dictionary Travlang Dutch-English dictionary Euroglot dictionary Van Dale (Dictionary -- in Dutch) http://www.notam02.no/~hcholm/altlang/ht/Dutch.html - The Alternative Dutch Dictionary Flemish - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition. Dutch - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition.
Kategori:Hn/Indoeuropeiske mål