Heitor Villa-Lobos () var ein brasiliansk komponist som skreiv talrike verk for orkester, ensemble og soloinstrument. I musikken sin brukte han særskild mykje brasiliansk folkemusikk, men òg element frå impresjonisme, ekspresjonisme, klassisistisk og barokk musikk. Villa-Lobos er den best kjende søramerikanske komponisten av kunstmusikk.
Biografi Heitor Villa-Lobos vart fødd i Rio de Janeiro. Han lærte musikk av far sin. I 1899, då faren døydde, vart Villa-Lobos professjonell musikar og spela cello på kafear. Frå 1905 samla han inn brasiliansk folkemusikk frå dei noraustlege delane av Brasil.
Villa-Lobos er gravlagd i Cemitério São João Batista i Rio de Janeiro
Viktige verk
Villa-Lobos var svært produktiv, sjølv om mange av verka hans er arrangement av eigne verk.
Denne lista inneheld musikk av Villa-Lobos som vert framført i konsertsalar i dag, og musikk der notane er tilgjengelege.
Det mest framførte verket til Villa-Lobos er den 5. Bachianas Brasileiras, for stemme og 8 celloar, som også kan framførast med andre instrument. Andre populære verk er musikken for solo gitar og kor nummer 1.
Bachianas Brasileiras Nr. 1 for 8 celloer (1932) No. 2 for kammerorkester (1933) No. 3 for piano og orkester (1934) No. 4 for piano (1930-41); orkesterert i 1942 No. 5 for stemme og 8 celloer (1938) No. 6 for fløyte and basun (1938) No. 7 for orkester (1942) No. 8 for orkester (1944) No. 9 for kor eller orkester (1944)
Kor Bendita Sabedoria (1958) Konsertar
Symfoniar
Nr. 1 O Imprevisto, The Unforseen (1920) Nr. 2 Ascenção, The Ascension (1917) Nr. 3 A Guerra, The War (1919) Nr. 4 A Vitória, The Victory (1919) Nr. 5 A Paz, The Peace (1920) - lost Nr. 6 Montanhas do Brasil, The Mountains of Brasil (1944) Nr. 7 (1945) Nr. 8 (1950) Nr. 9 (1951) Nr. 10 Sumé Pater Patrium, Amerindia (1952) Nr. 11 (1955) Nr. 12 (1957)
Kjelder
Kategori:Brasilianske musikarar