høgre|mini|MS «Nordlys» i Hammerfest med skorsteinfargane til TFDS. Troms Fylkes Dampskibsselskap ASA (TFDS ASA) er eit norsk reiarlag som vart stifta i 1866 under namnet Tromsø Amts Dampskibsselskap. Med utgangspunkt i Nord-Noreg utvikla reiarlaget seg til å verta ein nasjonal og internasjonal aktør innanfor transport og reiseliv, med Hurtigruten som den største verksemda. Etter at selskapet ved utgangen av 2004 vart majoritetseigar i AS TIRB, hadde TFDS-gruppa over 2 000 tilsette. Gruppa disponerte ein flåte på 38 skip, 123 bussar samt 86 gods- og varebilar. Hovudkontoret låg i Tromsø. Administrerande direktør var Henrik Andenæs, og styreleiar var Ole Lund.

TFDS kom inn i Hurtigruten i 1979 ved at Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) selde sine fire hurtigruteskip til TFDS.

Dei to hurtigruterederiene Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS) og TFDS vedtok i desember 2005 å slå seg saman. Fusjonen vart gjennomført 1. mars 2006. Det nye selskapet fekk namnet Hurtigruten Group, men namnet vart i 2007 endra til Hurtigruten ASNE. Selskapet hade då ein omsetnad på rundt fire milliardar kroner årleg, og kring 3 400 tilsette. Administrerande direktør vart Jan Kildal (OVDS) og ny styreleiar vart Ole Lund (TFDS). Hovudkontoret for hurtigruten vart lagt til Narvik, medan kontoret for ferjar og hurtigbåtar vart lokalisert i Tromsø.

Dei to sistnemnde verksemdene vart etter kvar overteke av Torghatten trafikkselskap i Brønnøysund, og utskilt som eit dotterselskap av dette, under namnet Torghatten nord og enno tilhald i Tromsø.

Hurtigruteskip Liste over hurtigruteskip som TFDS har ått inntil 2006.

(1949) («Midnatsol II»)(1979-1983) (1979-1983) (1979-1993) MS «Nordstjerna» (1979-2006) («Midnatsol II» og «Lyngen»)(1982-2006) MS «Ragnvald Jarl» (1989-1995) MS «Harald Jarl» (1989-2001) MS «Kong Harald» (1993-2006) MS «Nordlys» (1994-2006) MS «Polarlys» (1996-2006) MS «Trollfjord» (2002-2006) MS «Midnatsol» (2003-2006)

Hurtigbåt mini|MS «Fjordkongen».

MS «Fjorddronninga II» MS «Fjorddronninga» MS «Fjordkongen» MS «Fjordprinsessa» MS «Reinfjord» MS «Tromprinsen» MS «Vågsfjord»

Ferjer

MF «Andfjordferja» MF «Dyrøy» MF «Fløytind» MF «Godfjord» MF «Gullesfjord» MF «Helgøy» MF «Hålogaland» MF «Karlsøy» MF «Kvaløy» MF «Kveøy» MF «Malangen» MF «Mjølhorn» MF «Ol Bull» MF «Reinøy» MF «Salangen» MF «Vaggasvarre» MF «Vardehorn» MF «Vengsøy»

Offshorefartøy

MS «Troms Tjeld» MS «Troms Skarven» MV «Aldoma» MV «Kovambo»

Andre skip

KV «Tromsø» MS «Grytøy» MS «Lance» Testfartøy LMN Testfartøy RJO

Bakgrunnsstoff Hurtigruten OS Omfattande privat side om hurtigruteskipene

Kategori:Skipingar i 1866 Kategori:1866 i Noreg Kategori:Norske reiarlag Kategori:Hurtigrutereiarlag Kategori:Næringsliv i Tromsø