Laura Muir () er ein britisk mellomdistanseløpar frå Inverness som vart europameister på 1500 meter i 2018 og 2022, på same distansen vann ho sølvmedaljen under Sommar-OL i 2021 og bronsen i verdsmeisterskapen 2022.
Aktiv Muir vart Diamond League-meister på 1500 m i 2016 og 2018, fyrste året gjennom poengfangst, siste året grunna siger i finaleløpet. Ho sette britisk rekord på distansen under DL-stemnet i London i juli 2016, ein månad seinare forbetra ho den til 3.55,2 ved DL-stemnet i Paris.
På 1500 meter vart Muir nummer fem i VM 2015, nummer sju i Sommar-OL 2016 og ho kom på fjerdeplass i VM 2017. 12. august 2018 sprang ho inn til gullmedalje på distansen under europameisterskapen i Berlin, det var fyrste gongen ei britisk kvinne vann 1500-meteren i EM. I VM 2019 enda ho opp på femteplass, trass i sterke 3.55,7.
Sommaren 2021 sette Muir personleg rekord på 800 meter med 1.56,73 då ho sigra i DL-stemnet i Monaco. Nokre veker seinare presterte ho i OL-finalen i Tokyo livsbeste og sette britisk rekord med tida 3.54,5. Prestasjonen sikra henne sølvmedaljen, kenyanske Faith Kipyegon sette olympisk rekord med sine 3.53,1. Sommaren 2022 vann ho fyrst sølv på 1500 meter då VM fann stad i Eugene i USA, deretter sprang ho inn til gull ved EM i München. I Paris-OL forbetra ho den personlege rekorden til 3.52,3, men vart ikkje betre enn mummer 5.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane på 800 m (2.00,83=nr 10) EM 2014 i Zürich: Utslått i forsøka på 1500 m (4.14,6 =nr 15) VM 2015 i Beijing: Nr 5 på 1500 m – 4.11,4 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 på 1500 m – 4.12,8 VM 2017 i London: Nr 4 på 1500 m – 4.02,9. Nr 6 på 5000 m – 14.52,0 EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 4,02,3 framom Sofia Ennaoui (4.03,0) VM 2019 i Doha: Nr 5 på 1500 m – 3.55,7 OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 3.54,5, bakom Faith Kipyegon (3.53,1) VM 2022 i Eugene: Bronsemedalje på 1500 m – 3.55,2 EM 2022 i München: Gullmedalje – 4,01,0, framom Ciara Mageean (4.02,5) VM 2023 i Budapest: Nr 6 på 1500 m – 3.58,5 OL 2024 i Paris: Nr 5 på 1500 m – 3.52,3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laura Muir» frå , den 5. mai 2020.
World Athletics
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020