Samisk punktskrift er punktskrift tilpassa dei samiske alfabeta. Ho vart laga av Otto Prytz på starten av 1980-talet og godkjend av Samisk språknemnd i 1994.
+ Samisk punktskrift Aa Áá Bb Cc Čč Dd Đđ Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll ⠁ ⠷ ⠃ ⠉ ⠩ ⠙ ⠹ ⠑ ⠋ ⠛ ⠓ ⠊ ⠚ ⠅ ⠇ Mm Nn Ŋŋ Oo Pp Rr Ss Šš Tt Ŧŧ Uu Vv Zz Žž Ïï ⠍ ⠝ ⠫ ⠕ ⠏ ⠗ ⠎ ⠱ ⠞ ⠳ ⠥ ⠧ ⠵ ⠮ ⠌
Tabellen ovaforTabellen er henta frå Statped 2020: Samisk punktskrift er, med unntak for den siste bokstaven, bokstavane for nordsamisk. Sørsamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstaven ï. med punktteikn "⠌". Lulesamisk bruker det norske alfabetet pluss bokstavane á og ŋ, med punktteikn som for nordsamisk i tabellen over.
Det er usikkert om den same tabellen er i bruk på svensk side. For skoltesamisk og enaresamisk vil det i alle tilfelle vere bruk for å representere fleire bokstavar.
Referansar
Punktskrift Kategori:Punktskrift