Donald Thomas Scholz () er ein USA-amerikansk rockemusikar, låtskrivar, oppfinnar, lydteknikar og filantrop, mest kjend som skipar og fast medlem av gruppa Boston.
Han kom inn i musikkindustrien på ein uvanleg måte. Han var ein MIT-utdanna ingeniør med interesse for musikk og designa sitt eige platestudio i kjellaren i huset sitt for å spele inn sin eigen musikk. Det første Boston-albumet vart hovudsakleg spelt inn i kjellarstudioet, ofte med apparat han designa og fann opp sjølv. Etter den første suksessen til bandet, skipa han Scholz Research & Development, Inc. for å utvikle og marknadsføre sine eigne oppfinningar, mange under merket Rockman. Han er blitt skildra av AllMusic som «ein notorisk 'ikkje-rock n' roll'-person som aldri likte å vere i rampelyset som artist», og som føretrekte å konsentrere seg heilt om musikk, produksjon og finne opp nytt elektronisk utstyr. I nyare år har han brukte mykje av pengane og tida si på veldedig arbeid.Kurutz, Steve. [ Tom Scholz] - Allmusic
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tom Scholz» frå , den 15. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tom Scholz på Boston si offisiell nettside
Kategori:Musikarar frå Boston Kategori:Boston-medlemmar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Elevar ved Massachusetts Institute of Technology Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske produsentar Kategori:Musikarar frå Ohio Kategori:USA-amerikanske oppfinnarar