«We're Ready» er ein song skriven av Tom Scholz og først gjeven ut av Boston på albumet Third Stage (1986). I desember 1986 kom songen ut på singel frå albumet, som ein oppfølgjar til den store hitten deira, «Amanda.» «We're Ready» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Billboard's Mainstream Rock-lista. Billboard Magazine kåra òg songen til den 24. beste rockesongen for 1987, ein plass føre ein annan song frå Third Stage, «Cool the Engines.» Songen nådde òg 12. plassen på Cashbox-lista. I Canada nådde songen topp 25 på RPM-lista.

Allmusic-kritikaren Vik Iyengar skreiv at «We're Ready» er ein av songane på Third Stage som «fungerer på alle sylindrar» og «høyrest veldig bra ut.»

Salslister Liste (1987)PlasseringCanada25US Billboard Hot 1009US Album Rock spor2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «We're Ready» frå , den 16. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Boston-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av Tom Scholz Kategori:Songar produserte av Tom Scholz Kategori:MCA Records-singlar