Danziger Werft und Eisenbahnwerkstätten (polsk Stocznia Gdańska) var eit skipsverft i Danzig (i dag Gdańsk i Polen) i det som då var Fristaden Danzig. Verftet vart skipa i 1919 på staden der tidlegare Kaiserliche Werft Danzig hadde blitt nedstengd etter første verdskrigen.

Verftet hadde fire dokkar opp til 180 meter lange. Det var òg fire flytebrygger med løftekapasitet frå 1400 til 16 000 tonn. Frå 1932 dreiv Fristaden Danzig skipsverftet som The International Shipbuilding & Engineering Co. Ltd. Dagleg leiar for verftet var sidan 1919 Ludwig Noé. Etter 1945 vart verftet slått saman med Gdańsk verft.

Mange av dei tyske ubåtane nytta under andre verdskrigen vart bygde her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Danziger Werft und Eisenbahnwerkstätten» frå , den 17. mai 2020.

Kategori:Skipsverft i Tyskland Kategori:Føretak skipa i 1921 Kategori:Tidlegare tyske føretak Kategori:Historia til Gdańsk Kategori:1921 i Tyskland Kategori:Nedleggingar i 1940