Double Vision er det andre studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 20. juni 1978 på Atlantic Records. Det vart spelt inn mellom desember 1977 og mars 1978 og var det einaste Foreigner-albumet som vart produsert av Keith Olsen og det siste spelt inn med bassisten Ed Gagliardi, som sidan vart erstatta av Rick Wills.
Double Vision var det første i ei rekkje innspelingar der talentspeidaren John Kalodner hadde namnet sitt oppført to gonger i plateomslaget, som eit ordspel på albumtittelen. «John Kalodner: John Kalodner» oppstod då produsenten Olsen lurte på korleis han skulle kredittere Kalodner på albumet. Gitaristen Mick Jones kom opp med ideen om å skrive namnet to gonger.
«Tramontane» er det einaste instrumentale sporet Foreginer har gjeve ut på eit studioalbum til no.
Mick Jones syng solovokal på «Back Where You Belong» og «I Have Waited So Long».
Utgjeving Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista i USA og selde til platinaplate berre ei veke etter det kom ut. Det har til i dag fått sju gonger platinaplate for eit sal på like over sju millionar eksemplar i USA og i lag med samleplata Records (1982) er det rekna som det bestseljande albumet til Foreigner. I Europa nådde derimot Double Vision berre topp 40 i Stobritannia.
Den første singelen var «Hot Blooded», og kom ut i juni 1978. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista. I september vart han følgd opp av «Double Vision», som nådde andreplassen på lista. Det var den høgaste plasseringa Foreigner hadde hatt til då. Den tredje og singelen, «Blue Morning, Blue Day», kom ut i desember og nådde 15. plassen på lista.
Innhald
Medverkande Foreigner Lou Gramm – solovokal Mick Jones – sologitar, akustisk piano, solovokal (4, 8) Ian McDonald – gitar, klaverinstrument, blåseinstrument, vokal Al Greenwood – klaverinstrument Ed Gagliardi – bass, vokal Dennis Elliott – trommer
Andre medverkande Ian Lloyd – korvokal David Paich – strykearrangement
Produksjon Produsentar – Mick Jones, Ian McDonald og Keith Olsen. Lydteknikarar – David De Vore og Keith Olsen Miksing – Jimmy Douglass, Mick Jones og Ian McDonald. Mastering - George Marino i Sterling Sound (New York, NY). Teknikarar – Troby Laidlaw, Randy Mason, Mac McCollum og Michael McConnell. Design og fotografi – Norman Seeff Management – Bud Prager i E.S.P. Inc.
Salslister Liste (1978) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Double Vision (Foreigner album)» frå , den 18. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Foreigner-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Keith Olsen Kategori:Album produserte av Mick Jones Kategori:Album produserte av Ian McDonald Kategori:Album spelte inn i Sound City Studios