Waliou Jacques Daniel Isheola «Wally» Badarou () er ein fransk musikar. Han var fødd i Frankrike med aner frå Benin i Vest-Afrika. Badarou er mest kjend for det tette bandet til den engelske gruppa Level 42, og for arbeidet som studiomusikar for ei lang rekkje musikarar verda over.
Badarou var ein del av det faste bandet til Island Records, Compass Point All Stars (med Sly and Robbie, Barry Reynolds, Mikey Chung og Uziah «Sticky» Thompson), som spelte på album av Grace Jones, Tom Tom Club, Joe Cocker, Mick Jagger, Black Uhuru, Gwen Guthrie, Jimmy Cliff og Gregory Isaacs.Chris Salewicz's «Keep on running: The story of Island Records», Universe, p. 120 & 135.
Badarou spelte òg klaverinstrument for artistar som Robert Palmer, Marianne Faithfull,David Dalton's «Faithfull: An Autobiography», Little Brown & Co, p. 242 & 245. Herbie Hancock, M (Pop Muzik), Talking Heads, Foreigner, Power Station, Melissa Etheridge, Manu Dibango og Miriam Makeba.
Han har produsert album for Fela Kuti, Salif Keita, Wasis Diop, Trilok Gurtu, Carlinhos Brown og skrive musikk for filmar som Countryman og Kiss of the Spider Woman.
Han har gjeve ut soloalbum, som dei instrumentale Echoes (1983) og Words of a Mountain (1989). Førstnemnde inneheld «Chief Inspector», «Mambo» (sampla av Massive Attack for «Daydreaming» (Blue Lines)), og «Hi-Life». «Chief Inspector» nådde 46. plassen på UK Singles Chart i oktober 1985.
Albumet Words Of A Mountain skal ha vore eit av dei første i verda som ikkje vart spelt inn på analoge lydband.Keyboard Magazine, 1986. mai s. 69.
Sidan tidleg i 2000-åra har han vore teaterskodespelar.
Diskografi
Solo 1979: Back to Scales Tonight 1984: Echoes 1985: Chief Inspector (EP) 1989: Words of a Mountain 1997: So Why 2001: Colors of Silence : Musical poetry for Yoga 2009: The Unnamed Trilogy
Filmmusikk 1981: Dickie Jobson: Countryman 1982: Nathalie Delon & Yves Deschamps: They Call It an Accident 1985: Hector Babenco: Kiss Of The SpiderWoman (ekstra musikk) 1991: Lol Creme: The Lunatic 1997: Idrissa Ouedraogo: Kini & Adams 1997: Don Letts & Rick Elgood: DanceHall Queen 1999: Chris Browne: Third World Cop 2000: John Berry: Boesman & Lena
Produsent (og medprodusent) 1979: Janic Prévost - J'veux d'la Tendresse 1981: Alain Chamfort - Amour Année Zéro 1983: Marianne Faithfull - A Child's Adventure (og medlåtskrivar) 1985: Level 42 - World Machine (og medlåtskrivar) 1986: Alain Chamfort - Tendres Fièvres (og medlåtskrivar) 1986: Fela Anikulapo Kuti - Teacher Don't Teach Me Nonsense 1987: Level 42 - Running in the Family (og medlåtskrivar) 1988: Level 42 - Staring at the Sun (og medlåtskrivar) 1990: Level 42 - Guaranteed (og medlåtskrivar) 1993: Level 42 - Forever Now (og medlåtskrivar) 1995: Salif Keita - Folon 1996: Carlinhos Brown - AlfaGamaBetizado 1998: Yannick Noah & Zam Zam - Zam Zam 1998: Wasis Diop - Toxu 2000: Trilok Gurtu -The Beat Of Love (og medlåtskrivar) 2001: i Muvrini - Umani
Studiomusikar 1979: M - New-York, London, Paris, Munich («Pop Muzik») 1979: Miriam Makeba - Comme une symphonie d'amour 1980: Bernie Lyon - Bernie Lyon 1980: Grace Jones - Warm Leatherette 1980: Grace Jones - Nightclubbing 1980: M - The Official Secrets Act 1980: Lizzy Mercier Descloux - Mambo Nassau 1980: Level 42 - The Early Tapes (og medlåtskrivar) 1981: Level 42 - Level 42 (og medlåtskrivar) 1981: Bernie Lyon - I'm Living In The Sunshine 1981: Gibson Brothers - Quartier Latin 1981: Barry Reynolds - I Scare Myself 1981: Jimmy Cliff - Give The People What They Want 1982: Charlélie Couture - Pochette Surprise 1982: Joe Cocker - Sheffield Steel 1982: Black Uhuru - Chill Out 1982: Gregory Isaacs - Night Nurse 1982: Grace Jones - Living My Life 1982: Gwen Guthrie - Gwen Guthrie 1982: Robin Scott & Shikisha - Jive Shikisha ! 1982: Level 42 - The Pursuit Of Accidents (og medlåtskrivar) 1983: Level 42 - Standing In The Light (og medlåtskrivar) 1983: Talking Heads - Speaking In Tongues 1983: Tom-Tom Club - Close To The Bone 1984: Level 42 - True Colours (og medlåtskrivar) 1984: Foreigner - Agent Provocateur 1985: Mick Jagger - She's the Boss 1985: Power Station - Some Like It Hot 1985: Level 42 - World Machine 1985: Gwen Guthrie - Just For You 1985: Sly & Robbie - Language Barrier 1985: Robert Palmer - Riptide 1988: Manu Dibango - Electric Africa 1988: Melissa Etheridge - Melissa Etheridge 1988: Talking Heads - Naked 1988: Julio Iglesias - Libra 1994: Power Station - Living In Fear 2008: Grace Jones - Hurricane 2009: Phil Gould - Watertight
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wally Badarou» frå , den 20. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Level 42-medlemmar Kategori:Tom Tom Club-medlemmar Kategori:Beninske musikarar Kategori:Franske klaverspelarar