Luis Miguel Martín Berlanas () er ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå Madrid som tilhøyrde europatoppen i hinderløping i tida 1998-2004.
Aktiv Martín var opphavleg mellomdistanseløpar. Frå 1998 satsa han på 3 000 meter hinder. I sin fyrste sesong som hinderløper vart han iberoamerikansk meister i øvinga og nummer fire då europameisterskapen vart avvikla i Budapest, halvtanna sekund bak bronsevinnar Jim Svenøy. Året etter sette Martín landsrekord med 8.11,1, den fyrste av fire forbetringar av den spanske rekorden. Men i Friidretts-VM 1999 i Sevilla rauk han ut i forsøket.
År 2000 vart Martín spansk meister og femtemann i Sydney-OL. Deretter sprang han inn til fjerdeplass under verdsmeisterskapen i Edmonton i 2001, før han i 2002 vann bronsemedaljen ved europameisterskapen i München. Den 30. august 2002 flytta Martín den spanske rekorden til 8.07,4 ved eit stemne i Brussel, hans livs beste prestasjon i hinderløpinga. Sidan vart han nummer seks ved verdsmeisterskapen 2003 i Saint-Denis og nummer fem under Sommar-OL 2004 i Aten. Han tevla i friidrett til 2011.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 8.20,5 VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket (8.17,7=nr 13) OL 2000 i Sydney: Nr 5 – 8.22,7 VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 8.18,8 EM 2002 i München: Bronsemedalje – 8.24,7 VM 2003 i Paris: Nr 6 – 8.13,5 OL 2004 i Aten: Nr 5 – 8.11,6 VM 2005 i Helsinki: Nr 11 – 8.22,1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Luis Miguel Martín» frå , den 22. mai 2020. Denne artikkelen bygger på «Luis Miguel Martín» frå , den 22. mai 2020.
World Athletics
Kategori:Spanske hinderløparar Kategori:Spanske mellomdistanseløparar Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Madrid