Wally Gold () var ein USA-amerikansk musikar, songar, plateprodusent og plateselskapdirektør frå Teaneck i New Jersey.

Gold var først saksofonist i eit U.S. Navy-band under andre verdskrigen. Etter krigen byrja han å syngje i gruppa The Four Esquires, og turnerte med dei til seint i 1950-åra. I 1960 slo Gold seg saman med Aaron Schroeder og i lag skreiv dei to store hittar for Elvis Presley, «It's Now or Never» (1960) og «Good Luck Charm» (1962). På denne tida skreiv Gold òg Lesley Gore-hitten «It's My Party». Songane til Gold er blitt spelte av mange artistar, som Duane Eddy sin «Because They're Young», Gene Pitney sin «Half Heaven-Half Heartache» og «Take Me Tonight», Nat King Cole sin «Time and the River», og songar for Paul Petersen og Pat Boone.

I midten av 1960-åra vart Gold henta inn som fast produsent for Columbia Records, der han produserte album for Tony Bennett og Jerry Vale, og Barbra Streisand-albumet «What About Today?» i 1969.

I 1970-åra gjekk Gold over til å bli visedirektør og dagleg leiar for musikkorganisasjonen til Don Kirshner, der han oppdaga og produserte bandet Kansas. Han arbeidde òg med andre prosjekt, som TV-showet Musical Chairs (1975) og TV-komiserien A Year at the Top (1977) med Paul Shaffer og Greg Evigan.

Etter han slutta i musikkindustrien, arbeidde Gold som reisebyråagent fram til han døydde av kolitt i 1998, 70 år gammal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wally Gold» frå , den 22. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå New Jersey Kategori:Folk frå Teaneck i New Jersey Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar