Obrestad fyrstasjon er ein fyrstasjon på Obrestad i Hå kommune. Fyret ligg mellom Obrestad hamn og Hå gamle prestegard.

På Kystkulturdagen 11. juni 2006 markerte Hå kommune overtakinga av fyret, etter kjøp frå staten. Fyret vart bygd opp frå 1873 med fyrbygg med fyrtårn, fyrvaktarbustad, uthus og veg ned til havet. Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1991. I tida etterpå har fyret vorte drive som museum og utleigebustad. Fyret vart den 3. november 2000 freda i medhald av kulturminnelova.

Klima Vêrstasjonen på Obrestad fyr har vore i drift sidan januar 1919 og har synopnummer 1412. Stasjonen ligg 24 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År Temperatur (°C) 1,1 0,7 2,3 4,5 8,4 11,3 12,8 13,5 11,6 9,0 5,1 2,7 6,9 Nedbør (mm) 114 77 88 64 77 77 97 117 156 160 156 126 1309

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff Obrestad fyr på http://www.ha.kommune.no Folket inntok fyret på http://www.jbl.no

Kategori:Fyr i Rogaland Kategori:Byggverk i Hå Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Vêrstasjonar i Noreg Kategori:Skipingar i 1873 Kategori:Kulturminne i Hå