Next er det tredje studioalbumet til Journey, gjeve ut i 1977. Bandet heldt fram stilen frå Look into the Future frå 1976, men dette albumet har òg noko av den meir jazza progrockstilen frå det første albumet. Dette var det siste albumet deira med Gregg Rolie som vokalist. «Spaceman» og «Nickel and Dime» vart gjevne ut på singlar.

Den instrumentale «Cookie Duster» stod oppført på dei første trykka av albuma, men var ikkje faktisk med på albumet. DEnne kom seinare ut på samleplata Time³.

Next nådde 85. plassen på Billboard 200-lista i USA.

Sjølv om han ikkje bidrog til Next, kom solovokalisten Robert Fleischman inn i Journey kort tid etter albumet kom ut som låtrksivar og var første dedikerte frontmannen i gruppa. Ingen av songane på albumet vart spelte på konsertane deira etter 1979.

Mottaking

På AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet to av fem stjerner og sa «utan ein kraftfull songar som Steve Perry, mangla gruppa fokus og popkjensle, og forsøka på streit pop/rock lid som følgje av dette.»

Innhald

Medverkande

Bandmedlemmar Gregg Rolie – klaverinstrument, solovokal Neal Schon – elektrisk og akustisk gitar, solovokal på «I Would Find You» og «Karma» Ross Valory – bassgitar, korvokal Aynsley Dunbar – trommer, perkusjon

Andre medverkande Smiggy – lydteknikar, miksing Bruce Botnick – mastering Herbie Herbert – musikalsk leiar Bruce Steinberg – kunstnarisk leiar, design, fotografi Ellie Oberzil – design Mansfield – kunst

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Next (Journey album)» frå , den 27. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Journey-album Kategori:Columbia Records-album