Dream, After Dream er eit filmmusikkalbum av det amerikanske rockebandet Journey for den japanske fantasifilmen Yume, Yume No Ato regissert av motedesigneren Kenzo Takada. Albumet kom ut i desember 1980 på Columbia Records og var det sjuande albumet deira. Filmusikken overskugga sjølve filmen og var eit kraftig steg til sides frå arenarocken bandet hadde spelt på dei tre førre albuma sine. Her gjekk dei attende til dei progressive rockerøtene sine og baserte seg på kompleks, musikalsk dugleik og instrumentalar.
Dream, After Dream har tre spor med vokal av ni spor i alt, «Destiny», «Sand Castles» og «Little Girl». «Little Girl» kom seinare ut som B-side til singelen «Open Arms» og var med på samleplata Time3. Han var òg bonusspor på 2006-utgåva av Departure og 2011-utgåva av Greatest Hits 2. «Destiny» er den lengste songen bandet spelte inn.
Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie.
Mottaking
AllMusic skreiv om albumet at det var «eit av dei mest oversedde albuma i katalogen til Journey. Dream, After Dream er eit fint døme på kor undervurderte Journey var som musikarar og kan tilrådast for fans av bandet.» Dave Marsh, som var ein ivrig motstandar av bandet, var enno meir entusiastisk og skildra albumet som «det beste bandet spelte inn i 1980-åra».Marsh, Dave. «Great, Forgotten Records». New Book of Rock Lists. Sidgwick & Jackson. 1994.
Innhald
Medverkande Bandmedlemmar Steve Perry – solovokal, produsent Neal Schon – gitar, vokal, produsent Gregg Rolie – klaverinstrument, piano, munnspel, vokal, produsent Ross Valory – bassgitar, vokal, produsent Steve Smith – trommer, perkusjon, produsent
Andre medverkande Eiji Arai, Yasuo Hirauchi, Tadataka Nakazawa, Sumio Okada - trombone Toshio Araki, Yoshikazu Kishi, Kenji Yoshida, Takatoki Yoshioka - trompet Takashi Fukumori, Hachiro Ohmatsu, Kiyoshi Ohsawa, Masatsugu Shinozaki - fiolin Hiroto Kawamura, Kazuo Okamoto - cello Masayuki Yamashiro - horn Strykarar og horn arrangerte og dirigerte av Matthew A. Schon
Produksjon Kevin Elson - produsent, lydteknikar, miksing Akira Fukada, Geoff Workman - lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dream After Dream» frå , den 28. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1980 Kategori:Journey-album Kategori:Album produserte av Kevin Elson Kategori:Columbia Records-album