«Faithfully» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey, og den andre singelen deira frå albumet Frontiers. Songen vart skriven av klaverspelaren Jonathan Cain. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100, og gav bandet den andre topp 20-hitten på rad frå Frontiers. Trass i at songen ikkje har eit refreng, har han blitt ein av dei mest kjende songane til Journey. I ein artikkel i Classic Rock vart «Faithfully» kalla den beste powerballaden som nokon gong er spelt inn.

Musikkvideoen til songen syner bandet på turné.

Salslister

Vekeslister Liste (1983) Plassering Canada 50 Singles (RPM)36US Adult Contemporary (Billboard)24

Årslister Liste (1983) RankUS Top Pop Singles (Billboard)81

I andre media Songen vart nytta i ein barscene i filmen Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby. Songen vart nytta i sesong 1 av «Glee». Songen vert sampla mot slutten av Girl Talk-albumet Feed the Animals. Songen vart nytta i filmen Bucky Larson: Born to Be a Star (2011) Songen vart nytta i episoden «Dance Party USA» av serien The Goldbergs. Songen vart sungen i filmen Here Comes the Boom (2012).

Andre versjonar I høvesvis 1987 og 1991 spelte songarane Anita Mui og Eddie Ng frå Hong Kong inn songen på kantonesisk. Countrysongaren Lorrie Morgan spelte inn songen i 1991 for albumet hennar Something in Red. I 2017 spelte den japanske gitaristen Tak Matsumoto og den amerikanske multi-instrumentalisten Daniel Ho inn songen på albumet Electric Island, Acoustic Sea. I 2017 spelte Brooke Simpson denne songen på The Voice i USA. Det amerikanske punkrockbandet Lagwagon spelte denne songen på albumet deira Railer frå 2019.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Faithfully (song)» frå , den 1. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Journey-songar Kategori:Songar skrivne av Jonathan Cain Kategori:Songar skrivne av Neal Schon Kategori:Songar skrivne av Steve Perry Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar produserte av Mike «Clay» Stone Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:USA-amerikanske softrock-songar Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Rockeballadar