Trial by Fire er det tiande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Albumet kom ut 22. oktober 1996 og markerte ei sameining av den klassiske besetninga frå 1980-åra, som ikkje hadde spelt inn ei plate i lag sidan Frontiers i 1983. Trial by Fire vart produsert av Kevin Shirley, som seinare har produsert dei fleste albuma deira. Det var det første albumet med bassisten Ross Valory sidan Frontiers og det siste med vokalisten Steve Perry og trommeslagaren Steve Smith.
Trial by Fire inneheld topp 20-hitten og den Grammy-nominerte singelen «When You Love a Woman», som nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista. «Message of Love», «Can't Tame the Lion» og «If He Should Break Your Heart» vart òg gjevne ut på singlar.
Albumet reflekterte ei aukande modenheit hos medlemmene av Journey og kunne laust reknast som eit konseptalbum med mange spor som gjenspeglar ein meir openlys spiritualitet i tekstane. Tittelsporet er for eksempel henta direkte frå Paulus 2. korintarbrev.2 Kor 4: 6,7
Trial by Fire er det einaste Journey-albumet som ikkje vart etterfølgd av ein turné. Dette kom delvis over krangling over ein planlagd turné (meint for sommaren og hausten 1997) og ein hofteskade for Perry som måtte opererast. Perry slutta i bandet då han kjende seg pressa ut. Trommeslagaren Steve Smith slutta òg, sidan han meinte at bandet utan Perry ikkje interesserte han. Han kom attende til gruppa i 2015, men fekk sparken i 2020.
Den 9. november 1996 gjekk albumet inn på tredjeplassen på Billboard 200 og selde omsider til platinaplate i USA.RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey . Henta 1. juni 2020.
Bakgrunn Trial by Fire var det første studioalbumet til Journey på ti år, etter Raised on Radio i 1986. Bandet var oppløyst i mellomtida. Neal Schon og Jonathan Cain hadde skipa supergruppa Bad English og gjeve ut album i 1989 og 1991, medan songaren Steve Perry gav ut det andre soloalbumet sitt, For the Love of Strange Medicine (1994). Medan han var på ein soloturné i 1994, var det klart for Perry at han sakna å vere songaren i Journey meir enn han trudde han kom til å gjere. Då A&R-sjefen John Kalodner i Columbia Records føreslo at bandet skulle kome saman att, byrja Cain, Perry og Schon å skrive musikk i lag. I følgje Perry ønskte dei «å sjå om me framleis hadde gnisten til å skrive igjen» i staden for å berre kome saman att for ein turné. «Eg vart invitert - før invitasjonen vart rakst trekt attende» sa Gregg Rolie, som hadde slutta i 1980.
Perry sa at bandet ikkje prøvde å finne opp seg sjølv på ny på albumet. «Ingenting høyrest meir pretensiøst ut enn nokon som prøver å vere noko dei ikkje er. Noko me alltid har visst er at det er visse musikalske retningar som passar kjemien vår. Me kjem til å søkkje eller symje med å vere det me er og ikkje prøve å fornye oss sjølv og prøve å bli månadens smak.»
Innhald
Medverkande Journey Steve Perry – solovokal Neal Schon – sologitar, korvokal Ross Valory – bass, korvokal Steve Smith – trommer, perkusjon Jonathan Cain – klaverinstrument, piano, rytmegitar, korvokal, lydteknikar
Andre medverkande Paulinho da Costa – perkusjon Scott Pinkerton – programmering David Campbell – strykararrangement
Production Kevin Shirley – produsent, lydteknikar, miksing George Massenburg – lydteknikar, miksing John Hurlbut, Bob Levy – lydteknikar George Marino – mastering John Kalodner – A&R
Salslister
Vekeslister ÅrListePlassering1996Billboard 200 (USA) 3Oricon Den japanske albumlista6RPM100 Albums (Canada)16Den svenske albumlista24Den tyske albumlista62GfK Dutch Charts89
Singlar ÅrTittelListePlassering1996«Message of Love» Mainstream Rock (USA) 18RPM100 Hit Tracks (Canada)36«When You Love a Woman» Billboard Hot 100 (USA) 12Top 40 Mainstream (USA) 9Adult Contemporary (USA) 1Adult Top 40 (USA) 3RPM100 Hit Tracks (Canada)31997Top 40 Adult Recurrents (USA) 2 «Can't Tame the Lion» Mainstream Rock (USA) 33RPM100 Hit Tracks (Canada)86 «If He Should Break Your Heart» Adult Contemporary (USA) 21RPM100 Hit Tracks (Canada)13
Salstrofé LandOrganisasjonÅrSalstalUSARIAA1996Platina (+ 1 000 000) CanadaCRIA1996Gull (+ 50 000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trial by Fire (Journey album)» frå , den 2. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Journey-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Kevin Shirley