«Boat on the River» er ein song frå 1979 av Styx frå albumet Cornerstone. Han vart gjeven ut på singel i 1980, men gjekk ikkje inn på lista i heimlandet USA. Han vart derimot populær i fleire europeiske land og nådde topp 5 i Tyskland, Austerrike, Israel og Sveits. I Sveits gjekk han heilt til topps.
Songen er blitt spelt inn av Seventh Avenue, Guano Apes og finske Riki Sorsa. Songen er òg blitt spelt av tyrkiske Metin Özülkü og det tyske folkrockbandet Fiddler's Green.
Medverkande Tommy Shaw - solovokal, mandolin, autoharpe Dennis DeYoung - trekkspel, harmonivokal James Young - akustisk gitar Chuck Panozzo - kontrabass John Panozzo - tamburin/basstromme
Salslister Liste (1980) PlasseringDen tyske singellista5Den austerrikske singellista2Den sørafrikanske singellistahttp://www.rock.co.za/files/sa_charts_1969_1989_songs_(A-B).html7Den sveitsiske singellista1Nederlandsk Topp 4029
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boat on the River» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Songar skrivne av Tommy Shaw