Kathrin Ullrich () er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Annaberg-Buchholz som i 1987 vann VM-bronse og i 1990 EM-sølv på 10 000 meter.
Aktiv Ullrich sprang inn til bronse på 10 000 meter under verdsmeisterskapen 1987 i Roma, 5,5 sekund etter vinnaren Ingrid Kristiansen og knapt 2 sekund attom Jelena Zjupijeva som representerte Sovjetunionen. Ullrich si tid, 31.11,3, var tysk rekord. Året etter vart ho nummer fire på same distansen ved Sommar-OL i Seoul. I 1989-sesongen vart Ullrich med eit løp på 14.59,0 den fyrste tyske kvinneløpar under 15 minutt på 5 000 meter.
Ved europameisterskapen 1990 i Split måtte Ullrich sjå seg slått i spurten på 10 000 meter av sovjetiske Jelena Romanova som tok gull. Den 30. juni 1991 i Frankfurt vann Ullrich milløpet i europacupen for landslag på tida 31.03,6, ny tysk rekord. To månader etter enda ho på fjerdeplassen på distansen ved VM i Tokyo. Halvtanna veke seinare forbetra ho den 10. september den tyske rekorden på 5 000 meter til 14.58,7 ved eit stemne i Berlin. Og i EM 1994 i Helsinki måtte ho på ny ta til takke med ein fjerdeplass på mila.
Ullrich var frå 1987 til 1990 austtysk meister på såvel 3 000 meter som på 10 000 meter. Frå 1991 til 1996 vart ho kvart einaste år tysk meister på 10 000 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Bronsemedalje på 10 000 m – 31.11,3 OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 10 000 m – 31.29,2 EM 1990 i Split: Sølvmedalje på 10 000 m – 31.47,7, bakom Jelena Romanova (31.46,8) VM 1991 i Tokyo: Nr 4 på 10 000 m – 31.38,9 OL 1992 i Barcelona: Braut kvalifiseringa på 10 000 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 13 på 10 000 m – 32.27,3 EM 1994 i Helsinki: Nr 4 på 10 000 m – 31.38,7 VM 1995 i Göteborg: Nr 10 på 10 000 m – 31.55,0 OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 m (33.31,6=nr 28)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kathrin Ullrich» frå , den 7. juni 2020.
World Athletics
Kategori:Tyske langdistanseløparar Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996