«Love Is the Ritual» er ein song av Styx og den første singelen gjeven ut frå albumet Edge of the Century i 1990.

Bakgrunn Songen var skriven og sungen av Glen Burtnik, som var komen inn i bandet som ny gitarist. Tommy Shaw, som han erstatta, var på den tida oppteken med si eiga gruppe, Damn Yankees.

Burtnik hadde spelt inn songen før han fekk tilbodet om å bli med i Styx. Songen vart spelt inn på ny med Styx. Originalversjonen til Burtnik kom seinare ut på samlealbumet hans Retrospectable.

Songen vart òg gjeven ut som B-side på 7"-versjonen av «Carrie Ann» (A&M Records – 390 610-7) som berre kom ut på singel i Europa.

Salslister «Love Is the Ritual» selde skuffande og nådde berre 80. plassen på Billboard Top 100-lista, men gjorde det langt betre på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista, der han nådde niandeplassen. Songen nådde òg 59. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista i november 1990.

Medverkande Glen Burtnik - solovokal, sologitar Dennis DeYoung - klaverinstrument, korvokal James Young - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bass John Panozzo - trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Is the Ritual» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene: Styx - Love Is the Ritual

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Styx-songar Kategori:Funkrocksongar Kategori:Songar skrivne av Glen Burtnik Kategori:A&M Records-singlar