miniatyr|Wienerschnitzel Wienerschnitzel er ein tradisjonell austerriksk rett som særleg er knytt til Wien. Han er laga av eit tynt stykke kalvekjøt mørna med ein kjøthammar, dyppa i egg, vend i brødsmular og steikt.
Ordet «wienerschnitzel» kan sporast tilbake til 1862. Opphavet til retten er uklart. Ei utbreidd soge skulle lenge ha det til at han blei importert til Austerrike i 1857 av feltmarskalk Radetzky, men dette blei tilbakevist av mathistorikaren Heinz-Dieter Pohl i 1972. Pohl fann fram samanliknbare rettar frå 1700-talet som inspirasjon for wienerschnitzelen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wienerschnitzel» frå , den 10. juni 2020.
Kategori:Kjøtretter Kategori:Austerriksk kultur Kategori:Wien