«Dreamer» er ein song av Supertramp frå albumet Crime of the Century frå 1974. Songen kom ut på singel og nådde 13. plassen på UK Singles Chart i februar 1975. I 1980 kom songen ut på konsertalbumet Paris. Denne konsertutgåvakom ut på singel og nådde 15. plassen på den amerikanske Billboard-lista, 36. plassen på Nederlandsk Topp 40, og heilt til topps på Canadian Singles Chart. «Dreamer» kom òg ut på albumet til Roger Hodgson, Classics Live, spelt inn i 2010.

Bakgrunn «Dreamer» vart komponert av Roger Hodgson på Wurlitzer-pianoet hans heime hos mora då han var 19 år gammal. På den tida spelte han inn ein demo songen med vokal, Wurlitzer og pappøskjer som perkusjon. Hodgson sa «Eg var nøgd - det var første gongen eg hadde spelt på ein Wurlitzer.» Supertramp spelte inn sin versjon av songen basert på denne demoversjonen.

Bandet framførte songen på BBC-programmet Old Grey Whistle Test i 1974, der ein kan sjå John Helliwell spele på kanten av eit vinglas på toppen av klaverinstrumentet sitt for å få ein viss lydeffekt.

Songen vart nytta i filmane The Parole Officer, Wild Thing og The Adventures of Rocky and Bullwinkle, i tillegg til trailerer for sistnemnde og Robots.

Innhald

1975: 7"-singel Side ein «Dreamer» – 3:33 (skriven av Roger Hodgson) Side to «Bloody Well Right» – 4:26 (skriven av Rick Davies)

1980: 7"-singel

Amerikansk versjon Side ein «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson) Side to «From Now On» (Live) – 6:44 (Davies)

Europeisk versjon Side ein «Dreamer» (Live) – 3:15 (Hodgson) Side to «You Started Laughing» (Live) – 3:50 (Davies)

Medverkande Roger HodgsonWurlitzer elektrisk piano, solovokal Rick DaviesWurlitzer elektrisk piano, Hammondorgel, solovokal John Helliwellceleste, glasharpe, korvokal Bob Siebenbergtrommer, perkusjon Dougie Thomsonbassgitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dreamer (Supertramp song)» frå , den 12. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Supertramp-songar Kategori:Songar om draumar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar skrivne av Rick Davies Kategori:Songar skrivne av Roger Hodgson Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:A&M Records-singlar