Crisis? What Crisis? er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i 1975. Det vart spelt inn i Los Angeles og London, og var det første Supertramp-albumet som vart spelt inn i USA.

Record Mirror tok Crisis? What Crisis? med på lista si over dei beste albuma i 1975.End Of Year List. Record Mirror. 1975. Archived at rocklistmusic.co.uk

Bakgrunn og innspeling Etter å ha slått gjennom med Crime of the Century (1974), hadde Supertramp press på seg for å levere ein oppfølgjar, og plateselskapet pressa dei til å byrja arbeidet så snart turneen for Crime of the Century var over. Medan dei turnerte på vestkysten av Nord-Amerika, skadde Hodgson handa si, så bandet måtte avlyse resten av turneen. Dermed hadde dei brått tid til overs som dei brukte til å arbeide på albumet. Trass i dette, fekk ikkje bandet tid til å øve for albumet, og som på Indelibly Stamped (1971), hadde ikkje låtskrivarar Rick Davies og Roger Hodgson ein visjon for korleis albumet skulle bli. I tillegg hadde den travle turnéverksemda gjort at det vart lite tid til å skrive songar, så dei gjekk inn i platestudioa til A&M i Los Angeles med berre songane som var til overs frå Crime of the Century (eller tidlegare). På grunn av mangel på songar, måtte innspelingar stoppast slik at Davies og Hodgson kunne skrive to nye songar. Den eine av desse var «Ain't Nobody But Me».

Fire av songane («Sister Moonshine», «Another Man's Woman», «Lady» og «Just a Normal Day») vart spelte på konsertane deira før dei vart spelte inn og gjevne ut, mellom anna på ein konsert dokumentert av BBC i Hammersmith Odeon i London i mars 1975, som i 2001 kom ut på Is Everybody Listening?.

Hodgson var ikkje nøgd med albumet, og skildra det som hastverksarbeid utan samhaldet på Crime of the Century.(2009). 30th Anniversary Supertramp Feature , In the Studio. Bassisten Dougie Thomson var samd: «Me tenkte Crisis var litt usamanhengande og at ingen i bandet eigentleg likte albumet.»

I nyare tid har derimot Roger Hodgson kalla det favorittalbumet sitt av Supertramp.

Plateomslag Både tittelen og konseptet for plateomslaget vart påtenkt av Davies, som John Helliwell sa: «Det var Rick som kom opp med namnet Crisis? What Crisis? og ein dag, då me sat kring Scorpio Studio, kom han inn med denne skissa av ein fyr som sat på ein solstol under ein parasoll med all dette kaoset kring seg.» «Crisis? What Crisis?» er ei linje frå filmen The Day of the Jackal (1973).Linja vert sagt under ein samtale i senga kring 55 minutt inn i filmen av Denise, spelt av Olga Georges-Picot. Uttrykket vart nytta som ei overskrift i The Sun i 1979 for å uttrykkje folkeopinionen av den britiske regjeringa på den tida. Kunstnaren Paul Wakefield, som hadde laga omslaget til Crime of the Century, fotograferte bakgrunnen i walsisiske gruvedalar, som seinare vart sett saman av eit modellfotografi frå eit fotostudio seinare.

Mottaking

Rolling Stone kritiserte sterkt albumet i den korte meldinga si, og gjorde særleg narr av tekstane.Altman, Billy (29. januar 1976). Album review , Rolling Stone.

AllMusic roste albumet grundig i si melding, og særskild klaverspelinga til Rick Davies, vokalen til Roger Hodgson og saksofonen til John Helliwell. Dei meinte låtskrivinga var kjenslemessig mektig, og dei meinte det gav albumet ein «varm personlegdom og sjarmerande subtil stemning.»

Innhald Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson.

Medverkande Rick Davies – solo- og korvokal, akustisk piano (spor 3, 5, 7, 8), Wurlitzer piano (spor 7), munnspel (spor 2), orgel (spor 2, 3, 6, 10), cembalo (spor 4, 6, 10), synthesizer (spor 1, 2, 4, 6, 8, 9) Roger Hodgson – solo- og korvokal, elektrisk gitar (spor 1, 2, 3, 5, 6, 7, 9) 12-strengsgitar (spor 1, 2, 9, 10), akustisk piano (spor 4), Wurlitzer piano (spor 6), flageolet (spor 2), cello (spor 7), pump organ (spor 10), marimba (spor 6), elektrisk sitar (spor 1, 2) John Anthony Helliwell – saksofon, klarinett and bass klarinett (spor 7), korvokal (spor 3, 6, 7, 10) Dougie Thomson – bassgitar Bob Siebenberg (oppført som Bob C. Benberg) – trommer, perkusjon

Produksjon Ken Scott - produsent Supertramp - produsent Greg Calbi - ommastring Jay Messina - ommastring John Jansen - assistent Ed Thacker - assistent Richard Anthony Hewson - arrangør Fabio Nicoli - plateomslag Paul Wakefield - plateomslag Dick Ward - plateomslag

Salslister

Vekeslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report20Kanadiske RPM-lista12Den nederlandske albumlista11Den newzealandske albumlista6Noreg - VG-lista10Den svenske albumlista16UK Albums Chart20US Billboard 200 44

Årslister Liste (1976)PlasseringDen australske albumlista85Den kanadiske albumlista85

Salstrofé og salstal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Crisis? What Crisis?» frå , den 14. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Supertramp-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Ken Scott Kategori:Album produserte av Rick Davies Kategori:Album produserte av Roger Hodgson Kategori:Album spelte inn i A&M Studios