Hayley Dee Westenra () er ein songar (sopran) og låtskrivar frå New Zealand. Det første albumet ho gav ut internasjonalt, Pure, kom ut i 2003. Hayley Westenra har hittil selt over tre millionar CD-album over heile verda.

Då ho vart utnemnd til ambassadør for UNICEF som 16-åring i 2003, var ho den yngste personen til då som nokonsinne hadde fått dette oppdraget.

Hayley har sunge med artistar som Andrea Bocelli, José Carreras, Russell Watson, Bryn Terfel, og Katherine Jenkins med fleire. Året 2006 opptredde ho i Sverige to gonger, ein gong i Globen i Stockholm, den andre i Scandinavium i Göteborg, båe gongene som oppvarmingsband til Il Divo. I august 2006 song ho med den irske gruppa Celtic Woman, og og deltok på deira CD og DVD Celtic Woman: A New Journey. I 2007 turnerte ho med den same gruppa. Ho er i tillegg med på Celtic Woman sin DVD The Greatest Journey: Essential Colletion som kom ut i 2008. Hayley Westenra har sunge på engelsk, maori, irsk, walisisk, spansk, italiensk, tysk, fransk, portugisisk, latin, japansk, mandarin, katalansk og taiwansk.

Biografi Hayley vart fødd i Christchurch på New Zealand, og har to søsken. Ho kjem frå ein musikalsk familie, mormora, Shirley Ireland, var songarinne, og farfaren var pianist og spela også trekkspel. Ho har irsk, engelsk og nederlandsk opphav.

Den musikalske karriæren hennar starta i seks års-alderen, då ho fekk rolla som «Little Star» i juleframsyninga på skulen. Etter framsyninga kontakta ein lærar som var til stades foreldra hennar, og fortalde dei at dottera deira var svært dyktig. Læraren oppmuntra Westenra til å læra seg å spela eit instrument for å utvikla evnene sine, og ho lærde seg å spela fiolin, piano, og blokkfløyte.Hayley Westenra: Live from New Zealand. [DVD]. Universal Music. 2005.

Då ho var 12 år gammal spela Hayley inn demoen Walking in the Air i eit profesjonelt innspelingsstudio for familie og vener. Til å byrja med betalte foreldra hennar for 70 eksemplar for å gje til vener og familie, straks etterpå kjøpte dei 1000 eksemplar til, for å selja og promotera. Hayley og søstra hennar, Sophie, spela på gata i Christchurch og fekk selja ein del av dei 1000 albuma. Dei to jentene tiltrekte seg ei mengd publikum, og ein journalist frå Canterbury Television fekk Westenra til å opptre på fjernsyn.

Ein konsertarrangør fekk interesse for å samarbeida emed Hayley Westenra. Snart etter fekk ho møta representantar for Universal New Zealand, og fekk tilbod om platekontrakt med det same.

Hayley Westenras internasjonale framgang kom etter at ho gjorde ein avtale med Decca Records og gav ut Pure (2003). Albumet vart det snøggast seljande debutalbumet i Storbritannias historie i sjangeren klassisk musikk.

Diskografi Walking in the Air (2000) (demo) Hayley Westenra (2001) My Gift to You (2001) Pure (2003) Hayley Westenra - Live from New Zealand (2005) DVD Odyssey (2005) A New Journey (2007) Treasure (2007) Winter Magic (2009) Paradiso (2011) Hushabye (2013)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Haley Westenra» frå , og «Hayley Westenra» frå den 22. juni 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Newzealandske songarar Kategori:Folk frå Christchurch Kategori:Celtic Woman