Anna Constance Saxegaard, kjend som Annik Saxegaard, () var ein norsk forfattar. Ho skreiv i fyrste rekkje barne- og ungjentebøker. Bøkene hennar er kjende også utanfor Noreg, særleg i Tyskland, men dei har ofte kome ut under eit av dei fleire pseudonyma ho nytta, til dømes Berte Bratt, Nina Nord eller Ulla Scherenhof.
Oppvekst og utdanning
Ho var fødd i Stavanger. Familien flytte seinare til Oslo og ho tok artium før ho ei kort tid prøvde seg som skodespelar. Ho var mellom anna med i stumfilmen Brudeferden i Hardanger i 1926, men så vende ho scena og filmen ryggen. Ho arbeidde som journalist, tekstforfattar og som programmedarbeidar i Bergen kringkaster, og etterkvart byrja ho å skrive skjønnlitteratur.
Forfattarskap
Den fyrste utgjevinga frå hennar hand kom i 1933 og var ei samling dramatikk for amatørteater; Fem sketcher for unge piker. Året etter kom Katten Busters opplevelserden, den fyrste av ei rekkje bøker med dyreforteljingar for born. I 1935 kom vaksenromanen To værelser og kjøkken. Sjølv om Saxegaard hadde skrive boka for vaksne vart ho oppfatta som ei ungjentebok, og den liberale haldninga til kjærleik og seksualitet samtida meinte å finne i boka, gjekk ikkje like godt heim hjå alle. Boka fekk likevel merksemd og alt same året kom ho ut i svensk omsetjing. Året etter kom ho òg ut på dansk.
I tiåra som kom fekk ho utgjeve ei, eller helst fleire, nyskrivne bøker kvart år, og mange vart omsette og utgjevne i andre land. I 1958 flytta ho til Kiel i Tyskland, og etterkvart byrja ho skrive bøkene sine på tysk, og ein del av desse har aldri kome ut på norsk. Annik Saxegaard døydde i Kiel 16. august 1990.
Bøker Lista er ikkje uttømande. Dramatikk 1933 – Fem sketcher for unge piker 1936 – Nattkalas i pensjonatskolen : skuespill i 1 akt
Dyreforteljingar for born 1934 – Katten Busters opplevelser 1935 – Hunden Boy forteller 1936 – Folen Borkas bedrifter 1937 – Boy og Buster 1938 – Hvalpen Billy og kattemor 1939 – Billy Rampus og katten Bajas 1941 – Katten Balkis på egen labb 1944 – Burre Bums og Veslemor 1950 – Vesle blå Bonnie 1951 – Ni små Bonnie-hvalper 1952 – Apekatten Bussi 1953 – En uke i hundehagen 1954 – Svartepus, Kvitepus og Bingo 1956 – Hønemor og de andre
Kjelder «Berte Bratt», henta frå Wikipedia på tysk 19. juli 2006, som oppgjev denne kjelda: Malte Dahrendorf: Berte Bratt. In Klaus Doderer (Hrsg.): Lexikon der Kinder- und Jugendliteratur. Beltz Verlag, Weinheim und Basel, Band 1, 1984. Bibliotekkatalogen til Norsk Barnebokinstitutt Bibsyskatalogen Redaktør: A. Heltberg – Norsk film gjennom 35 år. Nasjonalforlaget, Oslo 1943.
Saxegaard, Annik Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske skodespelarar