Skipsregistrene var eit norsk statleg forvaltingsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet med ansvar for å administrera dei to skipsregistera Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) og Norsk Ordinært Skipsregister (NOR), herunder Skipsbyggingsregisteret (BYGG).

Oppgåva til skipsregistera var å tena som eit ledd i den offentlege kontrollen av registrerte skip og eigartilhøva deira, og å tena som rettsvernsregister for registrering av rettar i skip. Etaten vart etablert 15. mai 1992 og var direkte underlagd Nærings- og handelsdepartementet. Hovudkontoret låg i Valkendorfsgaten 6 i Bergen. Skipsregistera vart omdanna til ei avdeling i Sjøfartsdirektoratet frå 1. januar 2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skipsregistrene NIS/NOR» frå , den 27. juni 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nedleggingar i 2011 Kategori:Skipingar i 1992 Kategori:Sjøfart i Noreg Kategori:Tidlegare norske statlege einingar Kategori:Skipsregistrering