mini|Baugspryd. Baugspryd (bógspryt) er eit solid dimensjonert rundholt som går ut over forstamna på seglskip. Baugsprydet vert fest til stemn og skrog og er oftast laga i same material som skroget (tre/stål). På større skip og båtar med stor seglføring kan baugsprydet forlengast med ein klyverbom.

Baugsprydet vert stiva av med baugstag og vaterstag.

Stagsegl vert plassert mellom masta (stormast/fokkemast) og baugsprydet og ein eventuell klyverbom.

Andre samansetjingsleddet har vi via dansk frå nederlandsk spriet 'stong', jf. norsk sprote m. 'tynn kjepp, stikke'.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baugspryd» frå , den 27. juni 2020.

Bakgrunnsstoff Om baugspryd, frå Store norske leksikon 

Kategori:Skipskonstruksjon Kategori:Seglskipskomponentar