mini|Martina Strutz

Martina Strutz () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Schwerin i Mecklenburg som tevla i stavhopping. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både ved verdsmeisterskapen 2011 og europameisterskapen 2012.

Karriere Strutz tangerte sitt personbeste på 4,50 m og vart nummer fem då ho deltok i europameisterskapen 2006. Ho forbetra den personlege rekorden til 4,52 m i 2008, men den store framgangen kom i 2011-sesongen. Den 12. juli sette ho tysk rekord med 4,78 meter i eit stemne i Karlsruhe. Deretter vart ho tysk meister i Kassel med eit hopp på 4,65 m, framom Silke Spiegelburg. Under verdsmeisterskapen i Daegu den 30. august 2011 svinga Strutz seg over 4,80 m, dermed vann ho sølv og forbetra landsrekorden.

Ved europameisterskapen i Helsinki 30. juni 2012 sikra Strutz seg ein ny sølvmedalje i stavhopp ved å gå over 4,60 m i andre forsøk. Under dei olympiske leikane i London same året enda ho på femteplassen. I 2013 vann Strutz stavtevlinga i den tyske meisterskapen for andre gong og i 2016 for tredje gong.

Våren 2017 vart Strutz skulderskadd i ei trafikkulukke og kom ikkje tilbake på same nivå i 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 5 – 4,50 m VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 4,80 m, bakom Fabiana Murer (4,85 m) EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 4,60 m, bakom Jiřina Ptáčníková (4,60 m) OL 2012 i London: Nr 5 – 4,55 m VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 4,60 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 10 – 4,45 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 9 – 4,60 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Martina Strutz» frå , den 30. juni 2020.

World Athletics

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016