«Her kommer Julius», også kjend som Juliussangen, er ein norsk barnesong skriven og komponert av Terje Formoe. Songen vart framført for første gong i Kristiansand Dyrepark den 19. mai 1983.

Bakgrunn Formoe tok kontakt med dåverande direktør i Kristiansand Dyrepark, Edvard Moseid, om å lage ein kassett med tema rundt dyra i dyreparken. Dette fekk han avslag på, men Moseid sa at han kunne skrive ein song om sjimpansen Julius. I løpet av to timar laga Formoe ferdig både tekst og melodi, og innspelinga vart ferdig i akkurat tide til å kome i fjerde og siste episode av NRK-serien om Julius. Songen vart urframført av Formoe i Kjuttaviga amfiteater den 19. mai 1983.

Songen om Julius vart ein slager, og gjekk sin sigersgang i radioprogrammet Norsktoppen på NRK Radio. Seinare same året vart songen utgjeven på Formoe-albumet Livet er toppen!

Kjelder

Kategori:Norske barnesongar Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Kristiansand Dyrepark