Nablus (arabisk نابلس, Nābulus, hebraisk שכם Šəḵem, Bibelen Sikem, gresk Νεάπολις, Νeapolis) er ein by nord på Vestbreidda, kring 49 km nord for Jerusalem, med eit folketal på 126 132.2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). Han ligg strategisk til mellom Ebal og Gerisim, og er det administrative senteret i Nablus guvernement og eit palestinsk senter for handel og kultur.
Han vart grunnlagd av den romerske keisaren Vespasian i 72 evt. som Flavia Neapolis, og har vore underlagt mange rike gjennom den nesten 2000 år lange historia. På 400- og 500-talet førte konflikt mellom dei kristne og samaritanske innbyggjarane i byen til ei rekkje samaritansk opprør mot det bysantinske styret, før valden roa seg i 529 evt. Folketalet hadde då minka drastisk i byen. I 636 vart Neapolis, i lag med det meste av Palestina underlagt det islamske arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab; og fekk det arabifiserte namnet Nablus. I 1099 tok krossfararane kontroll over byen i litt mindre enn eit hundreår, og etterlet seg ei blanding av muslimske, kristne og samaritanske innbyggjarar. Etter at Saladin og ajjubidane tok kontroll over det indre av Palestina i 1187, vart det islamske styret gjeninført, og dette heldt fram under mamelukkane og osmanarane som følgde.
Etter Nablus vart ein del av Det osmanske riket i 1517, vart Nablus senteret i Jabal Nablus-distriktet. I 1657, etter ei rekkje opprør, vart fleire arabiske klanar frå nord og aust i Levanten sende til byen for å gjeninnføre osmansk autoritet, og lojaliteten til desse jaga bort dei som prøvde å utfordre makta til osmanarane i regionen, som Daher el-Omar på 1700-talet, og Muhammad Ali, som ei kort stund styrte i Nablus—på 1800-talet. Då det osmanske styret endeleg vart sikra att i 1841 blømde Nablus som eit handelssenter.
Etter at byen vart tapt til dei britiske styrkane under fyrste verdskrigen, vart Nablus ein del av Palestinamandatet i 1922, og seinare meint å vere ein del av den arabiske staten i Palestina etter delingsplanen til SN frå 1947. Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart byen erobra og okkupert av Transjordan, som sidan annekterte området, fram til det vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967.
I dag er folkesetnaden hovudsakleg muslimsk, med små minoritetar av kristne og samaritanar. Sidan 1995 har byen vorte styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta. I Gamlebyen er det fleire arkeologiske bygg, som spenner frå det første hundreåret til 1300-talet. Byen er kjend for sin kanafeh, ei populær søtsak i Midtausten, og for såpeindustrien.
Historie Antikken Flavia Neapolis («den nye byen til keisar Flavius») vart grunnlagd i 72 evt. av den romerske keisaren Vespasian over ein eldre samaritansk landsby, Mabartha («passasjen»).Negev and Gibson, 2005, s. 175. Han ligg mellom Ebal og Gerisim, 2 km vest for den bibelske byen Sikem som vart øydelagd av romarane same året under den første jødisk-romerske krigen. Av heilage stader kring byen finn ein Josefsgrava og Jakob-brunnen. På grunn av den strategiske plasseringa og rikeleg med vassforsyningar, blømde Neapolis og utvida områda sine, mellom anna til det tidlegare judeiske toparkiet Akraba.
Så langt det terrenget let seg gjere, vart byen bygd etter ein romerske ruteplan og vart busett av veteranar som hadde sigra i legionar og andre utanlandske kolonistar. På 100-talet evt. bygde keisar Hadrian eit stort teater i Neapolis med plass til opp mot 7 000 menneske. Myntar funnen i Nablus frå denne tida syner eit romersk militæremblem og gudar og gudinner frå det greske panteonet som Zevs, Artemis, Serapis og Asklepios. Neapolis var heilt heidensk på denne tida. Martyren Justin som var fødd i byen kring år 100 evt., kom i kontakt med platonisme, men ikkje med kristne her. Byen blømde fram til borgarkrigen mellom Septimius Severus og Pescennius Niger i 198–9 evt. Etter å ha teke Niger si side, som vart slått, vart byen ei stund fråteken privilegia sine av Severus, som gav desse til Sebastia i staden.
I 244 evt. omgjorde Filipp arabaren Flavius Neapolis til ein romersk koloni kalla Julia Neapolis. Han hadde denne statusen fram til styret til Trebonianus Gallus i 251 evt. Encyclopaedia Judaica spekulerer i om kristendomen var dominerande på 100- eller 200-talet, medan andre kjelder seier dette først kom i 480 evt. Ein veit sikkert at ein biskop frå Nablus deltok i kyrkjemøtet i Nikea i 325 evt.Negev and Gibson, 2005, s. 176. At det var samaritanar i byen er nemnt i bøker og innskrifter frå 300-talet. Så langt var det ikkje noko som tyder på at det budde jødar i oldstidsbyen Neapolis.
mini|venstre|Ruinar frå antikken i eit bustadområde i Nablus, 2008
Det oppstod ein konflikt blant den kristne folkesetnaden i Neapolis i 451. På den tida høyrte Neapolis til provinsen Palaestina Prima under Austromarriket. Spaninga oppstod då monofysitiske kristne prøvde å hindre den patriarken i Jerusalem, Juvenal, å ta attende til bispesete. Konflikten voks likevel ikkje til ein borgarkrig.
Etter kvart som striden mellom dei kristne i Neapolis minka, auka han kraftig mellom det kristne samfunnet og samaritanane. I 484 vart byen åstad for eit dødeleg møte mellom dei to gruppene, då det oppstod rykte om at dei kristne meinte å flytte leivningane av sønene og sonesønene til Aron, Eleazar, Ithamar og Phinehas. Samaritanane svarte med å gå inn i katedralen i Neapolis, drap alle dei kristne i kyrkja og øydela fingrane til biskop Terebinthus. Terebinthus flykta så til Konstantinopel og kravde ein garnison i byen for hindre fleire åtak. Som følgje av opprøret reiste den bysantinske keisaren Zeno ei kyrkje tileigna Jomfru Maria i Gerisim. Han forbaud òg samaritanane å reise til fjellet for å feire dei religiøse høgtidene sine, og konfiskerte synagoga deira der. Desse handlingane førte til at samaritanane vart enno meir sint på dei kristne.
Dermed gjorde samaritanane opprør igjen under styret til keisar Anastasius I, og tok attende Gerisim, som så vart gjenerobra av den bysantinske guvernøren i Edessa, Prokopios. Eit tredje samaritansk opprør fann stad under Julianus ben Sabar i 529 og var kanskje det mest valdelege. Biskopen i Neapolis, Ammonas vart drepen og prestane i byen vart hogde i bitar og så brende i lag med leivningane av helgenar. Styrkane til keisar Justinian I vart send for å stogge opprøret, som enda med at dei fleste samaritanane i byen vart massakrerte.
Tidleg islamsk tid Neapolis, vart i lag med det meste av Palestina, erobra av muslimane under Khalid ibn al-Walid, ein general i Rashidunarmeen til Umar ibn al-Khattab, i 636 etter slaget ved Yarmouk. Namnet på byen vart arabifisert til Nabulus. Byen vart verande eit viktig handelssenter i hundreåra under det islamske, arabiske styret under omajadane, abbasidane og fatimidane. Under muslimane fekk Nablus ein mangfaldig folkesetnad av arabarar og persarar, muslimar, samaritanar, kristne og jødar. På 900-talet skildra den arabiske geografen al-Muqaddasi, han som ein stad med rikelege med oliventre, ein stor marknadsplass, ein fin stormoské, med hus bygd av stein, ei elv som rann gjennom sentrum av byen og fleire møller.Muqaddasi, s. 55. Han nemnte òg at kallenamnet på byen var «Vesle Damaskus.»Semplici, Andrea and Boccia, Mario. – Nablus, At the Foot of the Holy Mountain Med Cooperation, s.6. På den tida vart linet som vart produsert i Nablus kjend over heile Den gamle verda.
Krossfarartida Byen vart erobra av krossfararar i 1099, under prins Tankred, og fekk namnet Naples. Sjølv om krossfararane tok mange forsyningar frå innbyggjarane for soldatane deira som var på veg til Jerusalem, plyndra dei ikkje byen, truleg fordi det var ein stor kristen folkesetnad der. Nablus vart ein del av kongedømet Jerusalem. Muslimar, austleg ortodokse kristne og samaritanar fekk bli verande i byen, og dei fekk selskap av somme krossfararar som slo seg ned der og gjorde seg nytte av dei rike ressursane i byen. I 1120 heldt krossfararane rådet i Nablus der dei fekk skrive ned dei første lovene til kongedømet. Dei omgjorde den samaritanske synagoga i Nablus til ei kyrkje. Det samaritanske samfunnet bygde så ei ny synagoge i 1130-åra.
I andre halvdelen av krossfarartida, prøvde muslimske styrkar å erobre attende byen. I 1137 plyndra arabiske og tyrkiske soldatar som svar stasjonerte i Damaskus Nablus, tok livet av mange kristne og brende ned kyrkjene i byen. Men dei klarte ikkje å erobre han. Dronning Melisende av Jerusalem budde i Nablus frå 1150 til 1161, etter ho fekk kontroll over byen for å løyse ein strid med sonen hennar Baldwin III. Krossfararane byrja å byggje kristne institusjonar i Nablus, mellom anna ei kyrkje tileigna lidinga og oppstanden til Jesus, og i 1170 reiste dei eit herberge for pilegrimar.
Ajjubidane og mamelukkane mini|Innsida av An-Nasr-moskeen, omgjort frå ei krossfararkyrkje til moské på 1200-talet Krossfararstyret enda i 1187, då ajjubidane leia av Saladin erobra byen. I følgje eit liturgisk manuskript på assyrisk, flykta dei latinske kristne frå Nablus, men den opphavlege austleg ortodokse innbyggjarane vart verande att. Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi (1179–1229) skreiv at for ajjubidane vart Nablus «ein mykje omtykt by i Filastin (Palestina)... med vide landskap og eit fint distrikt.» Han nemnte òg ein stor samaritansk folkesetnad i byen.Le Strange, 1890, s.511–515.
Etter at byen vart erobra av muslimar, vart Den store moskeen i Nablus, som hadde blitt ei kyrkje under krossfararane, omgjort til ein moské att av ajjubidane, som òg bygde eit mausoleum i gamlebyen. I 1242 vart Den store moskeen sett i brann av Tempelriddarane under eit tre dagar langt raid, der dei tok livet av 1 000 menneske og tok mange kvinner og barn med seg og selde dei på slavemarknaden i Akko. Den samaritanske synagoga, bygd i 362 evt. av høgstepresten Akbon og omgjort til ei kyrkje av krossfararane, vart omgjort tilal-Khadra-moskeen i 1244; og to andre krossfararkyrkjer vart An-Nasr-moskeen og al-Masakim-moskeen same hundreåret.
Mamelukk-dynastiet fekk kontroll over Nablus i 1260 og i regjeringstida deira vart det bygd mange moskear og skular. Under mamelukkane hadde Nablus rennande vatn, mange tyrkiske bad og eksporterte olivenolje og såpe til Egypt, Syria, Hejaz, fleire øyar i Middelhavet og Den arabiske ørkenen. Olivenolja i byen vart òg nytta i Omajademoskeen i Damaskus. Ibn Battuta, ein arabisk oppdagar, vitja Nablus i 1355, og skildra han som ein by «full av tre og elvar og full av oliven.» Han skreiv at byen voks og eksporterte johannesbrødsyltetøy til Kairo og Damaskus.
Osmansk tid mini|Jakob-brunnen, 1912 Nablus kom under Det osmanske riket i 1517, i lag med resten av Palestina. Osmanarane delte Palestina inn i seks sanjaqs («district»): Safad, Jenin, Jerusalem, Gaza, Ajlun og Nablus, alle ein del av Osmansk Syria. Desse fem sanjaqane var underdistrikt i Damaskus vilayet. Sanjaq Nablus vart vidare delt inn i fem nahiya (underdistrikt), i tillegg til sjølve byen. Osmanarane prøvde ikkje å endre dei politiske tilhøva i regionen på eit lokalt nivå, slik at grensene til nahiyaene vart samsvarte med dei historiske områda til visse, sterke familiar. Nablus var berre eitt av fleire lokale maktsenter i Jabal Nablus, og tilhøva til dei kringliggande landsbyane, som Beita og Aqraba, var delvis passa på av dei landlege høvdingane i nahiyaen.Doumani, 1995, Chapter: The 1657 Campaign. På 1500-talet var folkesetnaden hovudsakleg muslimsk, med jødiske, samaritanske og kristen minoritetar.B. Lewis, Studies i Ottoman Archives—I, Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London, Vol. 16, No. 3 (1954), 469–501.