Miracle Mile er det 36. albumet og det 12. filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Det kom ut i juli 1989 og inneheld musikk frå filmen med same namn.

Etter at Chris Franke hadde slutta i Tangerine Dream i 1987, laga den attverande duoen Edgar Froese og Paul Haslinger musikken til denne apokalyptiske filmen frå 1988. Filmen var regissert av Steve De Jarnatt.

Den fullstendige musikken i rekkjefølgja han vart nytta i filmen kom ut i 2017 og representerte musikken slik Tangerine Dream presenterte det for regissøren. Denne utgåva inneheld òg ni spor med musikkeffektar for filmen. Utgåva kom berre ut i eit avgrensa opplag på 1000 eksemplar. Dei første 100 eksemplara kom med eit ekstra hefte signert av Paul Haslinger og regissøren Steve De Jarnatt. I høve Records Store Day i 2018, vart det originale albumet gjeve ut på oransje vinl i eit avgrensa opplag. Ei ny utgåve på CD kom ut i juni same året.

Innhald

Medverkande Edgar Froese Paul Haslinger

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Miracle Mile (film)» frå , den 15. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1988 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream