Mijikendafolk (mijkenda tyder 'dei ni stammane') er ei gruppe av ni nærskylde mijikendaspråklege bantufolk frå området mellom Sabaki og Umba på kysten av Kenya, frå grensa mot Tanzania i sør til grensa mot Somalia i nord. Dei ni gruppene er digo, chonyi, kambe, duruma, kauma, ribe, rabai, jibana og giriama. Digofolk kan også halda til i Tanzania. Historisk har desse folka også blitt kalla nyika eller nika av utanforståande. Dette er nedsetjande termar som tyder 'bushfolk'.

mini|venstre|Kaya-skog.

Kvar av folkgruppene har unike skikkar og språk eller dialektar. Språka er alle rekna til same makrospråk, mijikenda, som er nært i selkt med swahili. Likskapane i ordtilfang tyder på at oppdelinga i dei ni gruppene har funne stad ein gong i dei siste 1000 åra. I dag talar dei fleste etniske mijikendafolk også swahili. Gruppene har til felles dei heilage skogane med befesta byar som blir kalla kaya. Desse blei skapet på 1500-talet, og har sidan blitt heilage stader verna av utvalde eldre i kvar folkegruppe. Elleve kaya-skogar er utvalde som verdsarv sidan 2008.Unescos världsarvslista, henta 13. mars 2010 Nominering till världsarvsstatus

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mijikenda» frå , den 17. juli 2020.

Kategori:Verdsarv i Kenya Kategori:Kenyanske folkegrupper