mini|Handelsflagg vert ført akter Akter eller atter er eit namn på den bakre delen på eit skip, attanfor tvers, det vil seia alt som er bak midtskips. Ordet kjem frå nederlandsk på same måte som ei rekkje andre skipsuttrykk som vart teke opp i norsk språk medan Nederland var ein til dominerande handels- og sjøfartsnasjon i vår del av verda på 1600-talet.

Antonymet til akter er forut, og til sjølve akterenden eller akterspeilet er antonymet baugen.

Akterstamn er sambandet akterut mellom dei to sidene av eit fartøy med spiss akterende. På småbåtar er akterstamnen som regel ein litt krum, profilert planke av eik, som hudplankane er spikra eller skrudd til.

Retninga midt akterover mot eit bestemt punkt vert kalla akterstevning.

Sjå òg

Baug Styrbord Babord Skipskonstruksjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Akter» frå , den 19. juli 2020.

Kategori:Maritime ord og uttrykk Kategori:Skipskonstruksjon