Montreal - April 9th 1977 er det 83. albumet totalt og det 15. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2004 som eit dobbeltalbum. Dette var det andre av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.

Materialet på dette albumet er identisk til piratkopiplata Tangerine Tree Volume 18: Montreal 1977 og vart spelt inn 9. april 1977 i Montreal i Canada. Ved ein feil inneheld den andre plata på albumet musikken meint for andreplata av Aachen - January 21st 1981 og motsett. Denne feilen vart sidan retta av plateselskapet. Innhaldet under syner det korrekte innhaldet.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Chris Franke – klaverinstrument Peter Baumann – klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream