Faust er debutalbumet til det tyske rockebandet Faust. Det vart spelt inn live den 21. september 1971 og gjeve ut seinare same året på Polydor Records. Sjølv om det aldri selde godt, fekk Faust mykje god omtale i musikkpressa.
Bakgrunn I 1971 gjekk Polydor inn i ein avtale med Uwe Nettelbeck om å setje saman eit band som kunne konkurrere med artistar som The Rolling Stones, The Kinks og Small Faces. Før dei gav ut debutplata, sende Faust lydbanda til Polydor med alt frå studioeksperiment til innspelingar av folk som vaska opp.Wilson, Andy. Faust - Stretch Out of Time. faust-pages.com. 2006. 32. Henta 5. august 2012.
Den originale LP-plata kom ut på klår vinyl.
Utgjeving og mottaking
AllMusic-skribenten Archie Patterson roste albumet deira og skreiv at «Innverknaden til Faust kan ikkje overvurderast. Debutalbumet deira var eit revolusjonerande steg framover i utviklinga av 'rock'». Han gav albumet fire og ei halv av fem stjerner og konkluderte med at «fantasinivået er svimlande, konseptet er heilt unikt og det er i tillegg morosamt å lytte til.»
Innhald
Medverkande
Faust Werner «Zappi» Diermaier – trommer Hans Joachim Irmler – orgel Arnulf Meifert – trommer Jean-Hervé Péron – bassgitar Rudolf Sosna – gitar, klaverinstrument Gunter Wüsthoff – synthesiser, saksofon
Teknisk Kurt Graupner – lydteknikar Andy Hertel – illustrasjon Uwe Nettelbeck – produsent, design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Faust (album)» frå , den 25. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Faust-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Recommended Records-album Kategori:Album produserte av Uwe Nettelbeck