Robert Johansson Sæther () var ein norsk skulemann og politikar frå Valsøyfjord på Nordmøre. Mangeårig ordførar i Kristiansund og stortingsmann 1937-45 frå kjøpstadene i Møre og Romsdal og for Høgre.
Sæther var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Elverum lærerskole i 1895 og var lærar i Surnadal frå 1896 til 1903. Etter eksamen frå Statens gymnastikkskole i 1903 underviste han på skular i Kristiansund. Skuleinspektør i byen frå 1920 til 1944, då han vart avsett av okkupasjonsmakta.
Sæther var medlem av Kristiansund bystyre 1911–45, bortsett frå perioden 1923-25. Han var ordførar 1917–19 og 1926–34. Politisk engasjerte han seg fyrst i partiet Venstre, hausten 1918 kandidat ved stortingsvalet. Noko etter 1920 melde han seg inn i partiet Høgre, truleg grunna i at han ikkje nådde opp ved ny nominasjon.
Gjennom stortingsvalet 1936 fekk Sæther det tredje siste mandatet frå kjøpstadene Ålesund, Molde og Kristiansund. På Stortinget vart han medlem i Kyrkje- og skulekomitéen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre-byane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Ordførarar i Kristiansund Kategori:Høgreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Halsa Kategori:Folk frå Kristiansund