None of the Above er det 27. studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Fie! i 2000.
Produksjon og instrumentering Hammill spelte inn None of the Above i heimestudioet sitt, Terra Incognita, mellom januar 1999 og februar 2000, og spelte, produserte og arrangerte nesten alle instrumenta og song alle songane sjølv. Stuart Gordon (fiolin, bratsj) spelte på tre spor og Manny Elias (trommer, perkusjon) på eitt spor. Døtrene til Peter Hammill, Holly og Beatrice Hammill syng korvokal på to spor. Instrumenteringa er dominert av gitar, klaverinstrumeng og noko strykarar.
Den lange innspelingstida kom av at Hammill samstundes arbeidde med ei ommastring av ein plateboks på fire CD-plater for Van der Graaf Generator kalla The Box.
Stemning og stil Stemninga på albumet er roleg og melankolsk. Ein typisk song er «Naming the Rose», eit kammermusikk-liknande arrangement for solovokal, klaverinstrument (med Hammondorgel), bratsj og korvokal. Han handlar om ein gartnar som kallar ein av dei siste verka sine - ei damaskrose - etter kona si som døydde same dagen bløminga starta.
Dei første sju spora har alle same tema som «Naming the Rose»: folk som kjem til sluttfasen i livet sitt, under forskjellige tilhøve. Den åttande songen («Astart») seier: «kvar slutt kan bli ein ny start».
Plateomslag Plateomslaget syner ein seriøs Hammill fotografert av Dinu. Heftet var designa av Paul Ridout.
Mottaking
Musikkpressa la ikkje særskild merke til None of the Above. På Allmusic gav Simon Cantlon plata tre av fem stjerner for «gripande musikalske bilete» og «atmosfære» men syntest «delar av plata kan bli litt for monotont».
Innhald
Medverkande Alle spor framfort og sungne av Peter Hammill med følgjande bidrag: Stuart Gordon – fiolin, bratsj (2, 5, 8) Manny Elias – trommer, perkusjon (6) Holly Hammill – vokal (2, 8) Beatrice Hammill – vokal (2, 8)
Teknisk Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Bath) Paul Ridout - design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «None of the Above (Peter Hammill album)» frå , den 1. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 2000