DS «Treue» (kallesignal LEZM - LHPT) var eit dampskip bygt i 1925 som lasteskip for August E. Peters i Hamburg.

I 1929 vart skipet kjøpt av Det Nordlandske Dampskibsselskab og omdøypt DS «Sulitjelma». Etter ein kort tur innom Det Bergenske Dampskibsselskab frå juli til oktober 1935, vart det selt til A/S Nordlandslinjen og gjeve namnet DS «Sigurd Hund». Skipet grunnstøytte og sokk i 1940.

Historie Skipet vart bygt ved J.Th. Wilmink & Co. i Groningen i Nederland og vart levert i juni 1925. Skipet hadde gode kjølerom og var bygt for frakte fisk. Mellom anna gjekk det i fart mellom Hamburg og Vest-Noreg.

Under ein storm i januar 1928 sprang «Treue» lekk og hadde mista fleire naglar. Skipet klarte ikkje å pumpe ut all vatnet som kom inn og fekk slagside. Det gjekk då til Haugesund som naudhamn og vart så teke inn i dokk i Haugesund for å få reparert skaden.

I juni 1929 vart skipet kjøpt av Det Nordlandske Dampskibsselskab og omdøypt DS «Sulitjelma». Skipet vart sett inn i kystfart mellom Tromsø og Hamburg, med anløp mellom anna i Bergen. Seinare vart ruta Bodø-Hamburg.

I august 1932 var det ei sak i sjøretten i Bergen om den siste reisa til «Sulitjelma» frå Tromsø til Bergen med klippfisk. Fiske var blitt våt under reisa, trass i at lossinga hadde gått føre seg i tørt vêr og lasta var forsvarleg oppbevart. Ein kom ikkje fram til kva årsaka til at fisken vart våt.

I februar 1934 fekk «Sulitjelma» ein skade på dampkjelen og måtte reparerast i Bergen. Skaden vart taksert til 2 900 kroner.

I august 1935 møttest representantar for ei rekkje reiarlag på Heim Hotell i Mo i Rana. Nordlandske, Helgelandske, Nordlandslinjen, Ofotens, Vesteraalens, Nordenfjeldske og Bergenske kom då fram til ei semje om felles fraktsatsar og transportvilkår. Bakgrunnen for dette var at Det Nordlandske Dampskibsselskab i 1927 hadde sett inn «Skjærstad» i ruta mellom Saltdal, Bodø og Trondheim, og til og med utfordra Bergenske og Nordenfjeldske med å setje «Sulitjelma» i rute mellom Nord-Noreg og Hamburg. Bergenske og Nordenfjeldske svara då med å setje inn gamle i ruta mellom Trondheim og Bodø for halve prisen til Nordlandske. Dei gjekk då til søksmål med krav om økonomisk erstatning, men tapte i både Trondheim byrett og høgsterett. Dei vart så samde om at Nordlanske skulle leggje ned ruta til Hamburg, medan Bergenske og Nordenfjeldske skulle leggje ned ruta mellom Trondheim og Bodø. Som eit ledd i denne avtalen kjøpte Bergenske og Nordenfjeldske «Sulitjelma» frå Nordlandske for 110 000 kroner. Offiserane ombord skule få halde på jobbane sine som ein del av avtalen, men etter å ha overhalt skipet i Bergen, sende Bergenske det i opplag og mannskapet vart derfor avmønstra i høve sjømannslova.

I oktober 1935 selte Bergenske «Sulitjelma» til A/S Nordlandslinjen i Harstad, som gav det namnet «Sigurd Hund». Skipet vart sett i rute mellom Oslo og Nord-Noreg.

5. februar 1937 gjekk «Sigurd Hund» på grunn i Risøysundet. Skipet fekk stor lekkasje og det måtte raskt settast på land for å at det ikkje skulle søkkje. Bergingsdamparen kom til frå Rørvik og assisterte havaristen. Skipet vart drege av grunnen og frakta til Trondheim for befaring og utbetring av skaden. 6. september 1937 fekk «Sigurd Hund» ein wire i propellen då skipet skulle halast ut frå Sandviken i Bergen. Det vart slept til Evje-Andersen-slippen ved Skoltegrunnskaien for å få ordna skaden.

Etter Noreg vart angripen i april 1940 vart skipet sett inn i rute Oslo-Bergen-Trondheim. 19. juli 1940 grunnstøytteskipet ved Rauna i Ognabukta på reise til frå Herøya til Bergen med kunstgjødsel. Skipet sokk under bergingsforsøket.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 549 brt, 294 nrt og lasteevna var 825 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av N.V. Machinefabrik Fulton i Hoogezand. Oppgjeven yting var 450 iHk (indikerte hestekrefter) og 80 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Tyske dampskip Kategori:Tyske lasteskip Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Groningen Kategori:Skip frå 1925 Kategori:Forlis i 1940 Kategori:Forlis i Rogaland Kategori:NDS-eigde fartøy