KANDU - Norsk Dataungdom (tidlegare Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom) er ein ideell organisasjon som blant anna arrangerer datatreffet The Gathering. Organisasjonen blei skipa i 1996. Organisasjonen består av mellom 5 000 og 7 000 medlemmer i Noreg og er tilslutta Hyperion og Frivillighet Norge.
Historie KANDU blei skipa av blant anna datatreff-arrangørane Crusaders og Cryptoburners i 1996 i samband med at The Gathering (TG) skulle flytte inn i Vikingskipet på Hamar. Sidan då har nærom alle deltakarane på arrangementet vore rekna som medlem av organisasjonen, då ein årleg kontingent blir trekt frå deltakaravgifta. I oktober 2004 blei det halde ei generalforsamling der det blei vald eit nytt styre og vedteke at tilhøvet mellom TG og KANDU skulle bli formalisert.
I desember 2004 blei det halde ei ekstraordinær generalforsamling i KANDU for innmelding i Hyperion.
Referansar
Bakgrunnsstoff KANDU The Gathering
Kategori:Arrangørar av datatreff Kategori:Norske ungdomsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1996