Hyperion – Norsk Forbund for Fantastiske Fritidsinteresser (N4F) er ein norsk organisasjon som har til føremål å fremja fantastiske fritidsinteresser. Desse omfattar blant anna video-, brett-, kort- og rollespel, laiv, fabelprosa og datakultur. Organisasjonen er basert på eit frivillig og ikkje-kommersielt grunnlag, og er ein partipolitisk og religiøst uavhengig interesseorganisasjon.n4f.no: «Om oss»
Hyperion arbeider med å aktivisera og engasjera medlemmane sine via arrangement, kurs, føredrag og sosiale aktivitetar arrangert av medlemssamskipnadene og forbundet sentralt. Dei deler òg ut drift- og prosjektstøtte til medlemssamskipnadene.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Hyperion (organisasjon)» frå , den 26. august 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ideelle organisasjonar i Noreg Kategori:Norske ungdomslag