Derek Forbes () er ein skotsk bassist, vokalist og stundom gitarist. Han var medlem av det skotske bandet Simple Minds frå 1978 og fram til like etter hitten deira «Don't You (Forget About Me)» i 1985.

Han var først medlem av det skotske pønkebandet Subs, før han erstatta Tony Donald som bassist for Simple Minds i 1978. Han var attende i bandet i tre år frå 1995 til 1998. Andre artistar Forbes har samarbeidd med er Iggy Pop, Kirsty MacColl og Peter Gabriel.

Etter Simple Minds spelte Forbes i ei rekkje andre band, som Propaganda (Tyskland), Oblivion Dust (Japan), Spear of Destiny, 10:51 og The Alarm. Han spelte òg i Fourgoodmen, ei skotsk supergruppe, mellom 2005-2007 og skipa XSM med andre medlemmar frå det originale Simple Minds.

Forbes vart røysta fram som beste bassisten i verda i 1982 og beste internasjonale bassist i ei undersøking i Australia. I 2009 vart Forbes kåra til den beste skotske bassisten gjennom tidene av lesarane av Dear Scotland.Vote for Scotland's Greatest Ever Bassist, Dear Scotland, 9. desember 2009

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Derek Forbes» frå , den 6. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå Glasgow Kategori:Skotske bassistar Kategori:Skotske new wave-musikarar Kategori:Simple Minds-medlemmar Kategori:Big Country-medlemmar Kategori:Dead Men Walking-medlemmar