Black & White 050505 er det fjortande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 12. september 2005. Albumet kom ikkje ut offisielt i USA.
Oversyn Arbeidet på denne oppfølgjaren til Cry byrja i 2002 og var særs inspirert av konsertane deira på denne tida. Då albumet kmo ut sa Jim Kerr: «Me syns albumet er klassisk Simple Minds, men med ein heilt ny energi. Men kan ærleg sei at me gleder oss over resultatet og ser fram til ei totalt revitalisert utsikt til denne neste fasen av den pågåande kreativiteten vår.»
Innspeling Innspelinga av Black And White 050505 gav dei nok materiale til eit og eitt halvt album. Spora «Light Travels» og «Fortune Teller» vart ikkje tekne med på albumet fordi Jim Kerr ikkjeønskte å øydeleggje strukturen eller den totale kjensla på albumet.
Ein demo for Black And White 050505, «Light Travels», vart seinare spelt inn på ny og gjeven ut på Graffiti Soul (2009).
Ein musikalsk idé som først kom opp under innspelinga for Good News from the Next World (1995) og spelt inn for Black And White 050505 (2005) som «Fortune Teller», vart så vurdert for Graffiti Soul (2009) men vart heller ikkje denne gongen gjeven ut, før han til slutt vart spelt inn på ny med ny tittel som «Magic» for Walk Between Worlds (2018).
Innspelinga av albumet enda 5. mai 2005 (05/05/05), som er nummeret i tittelen på plata.
Innhald
Medverkande Jim Kerr — vokal Charlie Burchill — gitar og klaverinstrument Mel Gaynor — trommer og perkusjon Eddie Duffy — bassgitar og perkusjon Andy Gillespie — klaverinstrument
Andre medverkande Jez Coad — ekstra gitar og klaverinstrument Daniele Tignino og John Biancale — korvokal på «Stranger» Sean Kelly — gjestevokal på «Too Much Television» (bonusspor på japansk utgåve)
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Black & White 050505» frå , den 12. september 2020. oppgav desse kjeldene: Offisiell nettstad
Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Simple Minds-album Kategori:Sanctuary Records-album