thumb|Ein døypefont frå Melum stavkyrkje er å finne i Telemark Museum i Brekkeparken i Skien. thumb|Detalj frå preikestolen frå Melum stavkyrkje, no i Telemark Museum Melum stavkyrkje stod som dagens Melum kyrkje på Mælum (gnr. 70), men i dag er gardstunet eit stykkje unna kyrkja. Soknet («Medalheims sokn») er nemnt i 1354 i samband med eit drap. Biskop Eystein omtalar prestbol til kyrkja i si jordebok (1398). Same staden går det fram at kyrkja er vigsla til Sankt Laurentius. Av Povel Huitfeldt si stiftsbok (1570) går det fram at Melum er anneks til Solum, og dette vert stadfesta i Jens Nilssøn si visitasskilding.
Ein synfaringsrapport frå 1663 omtalar eit skip med plankar mellom stolpar og kledd med delar (bord). Det har tårn (takryttar), men dette og sjølve det spontekte taket er brøstfeldig. Svalar omtalast, og det går fram at kyrkja har fått eit tømra kor med takstein (av tegl). Ved ei synfaring i 1668 går det fram at heile taket har tegltekke. Kyrkja vart seld på den store kyrkjeauksjonen. Så vart ho riven då soknet fekk ny kyrkje i 1728.
Gjenstandar frå stavkyrkja Ei av klokkene i dagens kyrkje er frå 1200-tallet og er overført frå stavkyrkja. I Telemark Museum i Brekkeparken i Skien er ein prekestol og ein døypefont frå stavkyrkja.
Kjelder
Fotnotar Diplomatarium Norvegicum I:341
Dietrichson, s. 504f.
Bakgrunnsstoff
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 11–12
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kulturminne i Skien