Into the Purple Valley er det andre studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1972.
Hovudfokuset på albumet er musikk om og frå tida kring Dust Bowl, og kva som skjedde i Amerika på den tida, både samfunnsmessig og musikalsk. Albumet består berre av coversongar av artistar som Woody Guthrie og Leadbelly.
Allmusic skreiv i meldinga si at det syner Cooder si «leksikonkunne om musikk frå denne tida, kombinert med ei instinktiv kjensle for songane. Fenomenal er det skildrande ordet for å skildre spelinga hans, om det er på gitar, hawaii-gitar, mandolin eller andre uvanlege instrument han fann. Dette er eit must for dei som elskar virtuos musikk, autentiske omarbeideingar frå ein æra, eller rett og slett berre god musikk.»
Plateomslaget vart kåra til det 12. beste gjennom tidene på lista til musikkmagasinet Rolling Stone.
Innhald
(Merk: «Billy the Kid» vart i røynda komponert av Woody Guthrie, og «Taxes on the Farmer Feeds Us All» av Fiddlin' John Carson.)
Medverkande Ry Cooder – gitar, mandolin, vokal Van Dyke Parks – klaverinstrument Gloria Jones – vokal Claudia Lennear – vokal George Bohanon – blåsarar John Craviotta – trommer Joe Lane Davis – blåsarar Jim Dickinson – piano Chris Ethridge – bass Milt Holland – perkusjon Jerry Jumonville – saksofon Fritz Richmond – vaskebaljebass Donna Washburn – vokal Donna Weiss – vokal Ike Williams – blåsarar
Salslister Liste Plassering USA - Billboard Pop albums 113
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Into the Purple Valley» frå , den 20. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Jim Dickinson Kategori:Reprise Records-album